Unio-leiaren sin replikk:
Pensjonskamp
I Frankrike er det for tida harde kampar om pensjonsordninga. På den eine sida står president Macron med sine støttespelarar. På den andre sida står «folk flest». Meiningsmålingar viser at 70 prosent er mot reforma. Temperaturen i gatene steig fleire hakk då presidenten bestemte seg for å hoppe over nasjonalforsamlinga, og i staden innføre reforma gjennom eit regjeringsvedtak. Mange meiner at siste ord ikkje er sagt.
Publisert: 27. mars 2023
Det er skilnader mellom land, også når det gjeld pensjonsordningar. Men situasjonen i Frankrike viser til fulle kor viktig pensjonen er, både for den enkelte og for samfunnet. Sett med norske auge er det nok mange som undrar seg litt over forholda i Frankrike. Å heve pensjonsalderen frå 62 til 64 år verkar som eit moderat tiltak i lys av vår eiga pensjonsreform. Vi skal ta med at den franske pensjonsalderen blei heva frå 60 til 62 år for nokre få år sidan.
Pensjonssystema i Norge og Frankrike er ulike, men har også fellestrekk. Den franske striden står i hovudsak om den lovfesta folkepensjonen – folketrygda om ein vil. Men reforma vil også få konsekvensar for tenestepensjonane. For mange er det ekstra provoserande at reforma skal innførast gjennom eit kuppliknande vedtak allereie frå neste år
At raseriet er ekte, merka eg tydeleg då eg var i Paris for litt sidan. Ein ting var opprøra i sentrumsgatene, men også under fredeleg lokale markeringar ein søndag ettermiddag var aggresjonen mot presidenten skarpe. «Vi ønsker å leve gode liv også etter at arbeidslivet er over», var ei av parolane på festplassen denne søndagen.
Fagorganisasjonsgraden i Frankrike er låg – rundt 10 prosent. Men der er mange fagforeiningar, og dei har lang trening i å mobilisere folket. Demonstrasjonar og streikar er eit maktmiddel – slett ikkje berre i tariffsamanheng.
Det har vore tøffe tak også om pensjon her til lands. Men prosessen har vore og er himmelvidt unna det vi ser i Frankrike. Pensjonskommisjonen leverte innstillinga si i 2004. Pensjonsreforma kom i kraft 1. januar 2011 etter fleire år med dialog, drøftingar og forhandlingar. Ikkje minst var det tøffe tak om den offentleg tenestepensjonen.
Argumenta bak pensjonsreformene i mange europeiske land er nokså like. Det er nødvendig med innstrammingar for å gjere pensjonsordningane økonomisk «berekraftige», er den politiske bodskapen. Demografien endrar seg. Det blir fleire eldre, dei lever lenger, og det blir færre yrkesaktive bak kvar pensjonist.
Det viktigaste innstrammingsgrepet her til lands var og er den såkalla levealdersjusteringa. Pensjonen skal fordelast over forventa levealder som pensjonist. No slår dette endå hardare ut enn styresmaktene tidlegare la til grunn.
Den norske pensjonsdebatten er slett ikkje over. Eit pensjonsutval la i haust fram ei ny innstilling kalla «et forbedret pensjonssystem». Difor er pensjon framleis høgt prioritert i Unio, i medlemsforbunda og i dialogen med styresmaktene. Vi har framleis pensjonskampar å føre.
Pensjonsnivået blir i høg grad påverka av kor lenge ein står i arbeid. Ein gjengangar i tautrekkinga om pensjonssystemet er difor korleis det skal få konsekvensar for dei som ikkje maktar å stå i lange yrkesløp. Dermed står dei i fare for å få lågare pensjon. Mange av Unio sine yrkesgrupper har behov for å gå av tidlegare enn pensjonsreforma i praksis legg opp til. Gjennomsnittleg avgangsalder for sjukepleiarar er til dømes 58 år, inkludert uførepensjon. Også barnhagelærarar og ein del andre grupper går av relativt tidleg. Svært få er yrkesaktive etter 65 år. For desse gruppene må det leggast opp til ordningar som dempar behovet for at stadig fleire skal forlate arbeidslivet som uføre.
Somme yrkesgruppe har lovfesta særaldersgrenser, basert på særtrekk ved yrka. Dette gjeld fleire av Unios medlemsgrupper, som politifolk og sjukepleiarar. Dette må vidareførast. Dialogen med styresmaktene har gått føre seg lenge, utan avklaringar. Tempoet må opp.
Unio skal stå i fremste rekkje for å forsvare ordninga med særaldersgrenser.