Unio-leiaren sin replikk:

På tide med ei ny maktutgreiing

Det nærmar seg tjue år sidan førre maktutgreiing. No meiner eg er det er tid for ei ny. Samfunnsendringane har vore store og uoversiktlege, både nasjonalt og globalt, i denne perioden. Det tilseier at vi bør få eit nytt systematisk forskarblikk på utviklinga, og ikkje minst på korleis maktspelet har endra seg.

Publisert: 10. desember 2019

Den førre maktutgreiinga blei leidd av professor Øyvind Østerud. Som del av denne utgreiinga blei det publisert 50 bøker og 77 rapportar. Somme har hevda at nettopp det illustrerer at det blei fleire hefte enn handlingar. Likevel utløyste utgreiinga mange debattar, som verken dei politiske partia eller viktige samfunnsaktørar kunne sjå vekk frå. Hovudtemaet for maktutgreiinga, som enda opp i NOU 2003:19, var vilkåra for folkestyret.

Ein av hovudkonklusjonane var at folkestyret var svekt, og at makta til rettssystemet hadde auka. Korleis har dette utvikla seg vidare på 2000-talet?

Nyleg har vi sett døme på at viktige samfunnsinstitusjonar – som Nav, Stortinget, regjeringa, domstolar og påtalemakt og advokatar har svikta i Nav-skandalen.

Dette rokkar ved ein viktig basis for samfunnsstyringa, nemleg tilliten mellom folket og samfunnsinstitusjonane. Difor er det opplagt at tillit må vere eit viktig tema for ei ny maktutgreiing. Ei slik utgreiing må også ta opp i seg reformer og endra styringsformer i offentleg sektor. Kva gjer det med tilliten når viktige samfunnsoppgåver blir privatiserte, konkurranseutsette, og i mange tilfelle sentraliserte?

Samstundes ser vi at nasjonalstaten er under press. Det var tema også i den førre maktutgreiinga. Presset har ikkje blitt mindre sidan den gongen. Også det er tydeleg illustrert gjennom Nav-skandalen der norske institusjonar har feiltolka EU sitt regelverk. I kor stor grad har vi gitt frå oss makt til ideen om fri flyt, og korleis skal vi sikre eit anstendig arbeidsliv og hindre at skilnader mellom folk aukar?

Digitaliseringa kan også auke skilnadene mellom folk. Mellom anna ser vi at kravet om digitale tenester tappar, særleg eldre, for makt over eigen situasjon. Dette fører til individuell avmakt, og svekkjer tilliten til styresmaktene.

I tillegg har medielandskapet endra seg totalt. Dei store endringane gjer det ekstra viktig å granske kva rolle og makt media har. Ikkje berre tradisjonelle media, men også alle mediegigantane utan redaktøransvar. Dette gjeld både Facebook, Twitter, Google, YouTube og andre.

Dagens mediebilde gjer at folk lagar sine eigne sanningar i ulike ekkokammer. Ein kan også sjølv velje kva for nyheiter ein vil ha og utelate andre. Kva gjer det med grunnlaget for å ta opplyste val? Det er på høg tid å sjå desse tinga i samanheng og granske maktstrukturane på ny. Regjeringa vil opprette ein kommisjon for å sjå på vilkåra for ytringsfridom. Det er bra. Men ikkje nok.

I ei ny maktutgreiing skal det ikkje berre handle om kven som har makt, men korleis dei forvaltar makta.

 

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv