Unio-leiaren sin replikk:

Saman i endring

Generalforsamlinga i Presteforeininga samlar seg til møte i Alta, nettopp under denne overskrifta: ”Saman i endring”.

Publisert: 16. mars 2015

I dette ligg ein viktig bodskap: erkjenninga av endringar, og at fagforeininga skal møte desse i fellesskap.

Det er ei stor reform når Kyrkja skal skiljast frå staten. Eit ”tydelig skille” skal det bli, i alle fall ifølgje overskrifta på lovforslaget som nyleg er fremja frå Kulturdepartementet.

Dei viktigaste politiske vedtaka er fatta for lenge sidan. No handlar det mest om korleis reforma skal settast ut i livet, og kva konsekvensane blir, ikkje minst for dei tilsette.

Endringane er viktige og utfordrande for prestane, både som fagorganiserte og som yrkesutøvarar. Og her må begge roller gå hand i hand.

Det verkar underleg når ein hundreårig tradisjon skal brytast, og det blir kalla ein ”virksomhetsoverdragelse”. Juss og språk i kombinasjon kan til tider verke framandgjerande!

Omstilling og reform er ord som er lette å seie. Men som kan vere krevjande å gjennomføre på ein god måte. Difor er det ikkje underleg at mange tilsette i Kyrkja er spente, og urolege.

Det har vore forhandla om kompensasjon når bustadordninga for prestane fell bort. Her er avtalen klar. Men mange andre viktige spørsmål står att:

Kven blir arbeidsgjevar og forhandlingsmotpart? Kva skjer med lønns- og arbeidsvilkåra? Og ikkje minst – kva skjer med pensjonsrettane?

Eg forventar at staten tar sitt ansvar for å sikre ”omstilling under tryggleik”, slik hovudavtalen legg opp til.

Å gjere det klart at dei tilsette held fram som medlemmer i Statens pensjonskasse, vil vere ein god plattform for endringar som kjem.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv