Unio-leiaren sin replikk:
Mytespreiing
I DN 27.9 prøver Abelia-sjef Paul Chaffey og styreleiar Knut Erik Beyer-Arnesen i Forum for Friskoler å slå eit slag for meir privatisering av skulane. Dei viser både til statistikk frå Sverige og til ei tidlegare Unio-undersøking, i forsøk på å ta livet av “mytar” om farane ved privatisering. Men i staden for myteknusing ender dei opp med mytespreiing om den «framifrå» svenske privatiseringa.
Publisert: 4. oktober 2013
Det svenske Skolverket (tilsvarande vårt utdanningsdirektorat) konkluderte i sin tilstandsrapport over svensk skule i mai 2013:
• Skilnadene mellom skulane med gode og svake resultat har auka dramatisk.
• Det frie skulevalet har svært sannsynleg vore ei medverkande årsak til denne uheldige utviklinga.
• Ein del av skilnadene i elevresultata kan forklarast med auka sosioøkonomisk segregering.
• Det oppstår andre segregerande effektar enn dei sosioøkonomiske – til dømes at veldig motiverte elevar søker same skular.
Også OECD (Education Today 2013) peikar på at auka skilnader mellom skulane er ein risiko ved fritt skuleval. OECD meiner dette er uheldig fordi ei meir blanda elevsamansetting gir eit betydelig bidrag til å betre resultata for elevar med svake føresetnader.
Når Chaffey og Beyer-Arnesen inviterer til å sjå på våre naboland, vil vi heller sjå til Finland. I landet der skulen rangerer på topp i verda er det over hovudet ingen diskusjon om skulane skal være offentlege eller private. Der er det sjølvsagt at skolen er ei offentleg oppgåve.