Arbeidsmiljøet – lønnsam investering
Sist veke hadde Unio sin årlege konferanse for verneombod. Denne blir arrangert saman med Arbeidsmiljøsenteret, og har blitt ein nyttig arena for å sette søkelyset på arbeidsmiljøsaker.
Publisert: 15. november 2016
Arbeidsmiljøet i all si breidde er viktig for trivsel og samhald på arbeidsplassen. Arbeidsgjevar har lovfesta plikt til å legge til rette for eit trygt og forsvarleg arbeidsmiljø. Men det gode arbeidsmiljøet kan ikkje utan vidare forhandlast på plass. Det må skapast. Gjennom samspel.
Vi er alle sentrale aktørar: Verneombodet, den tillitsvalde og leiarskapet, og sjølvsagt dei det først og fremst handlar om: dei tilsette, kollegaene. Faktorane som spelar inn er mange, og til dels ulike. Det handlar om fysiske forhold, det handlar om sosiale og om psykiske faktorar. Og ein skal slett ikkje undervurdere den tause kunnskapen på den enkelte arbeidsplass: Kva er viktig for oss? Kva skaper problem? Og kva gjer vi for å medverke til den gode kvardagen, dei positive opplevingane på arbeidsplassen?
Teknologien pressar på. Endringane kan av og til vere dramatiske og trugande, andre gonger merkar vi dei knapt. Utviklinga skjer gradvis. Likevel høyrer vi ofte frå «sjefane» at omstillingane går tregt, og at dei tilsette bremsar. Og at det hemmar effektiviteten. Her bør nok «sjefane», både styresmakter og arbeidsgjevarar, rådføre seg med kunnskapen.
Arbeidslivsforskinga er eintydig: Kontroll over eige arbeid er viktig både for arbeidsmiljøet og for effektiviteten. Særleg er dette viktig i kunnskapsbaserte yrke, der dei tilsette naturleg nok må ha stor fagleg autonomi. Dette er også viktig med tanke på å avgrense stress og tidspress. Tidspress handlar ikkje alltid om for mykje arbeid, men at tidsbruken blir styrt og kontrollert av andre enn arbeidstakaren sjølv.
Dessverre ser vi at ein del av dei importerte styringsmekanismane og leiaropplæringa legg meir vekt på kommando og kontroll enn på dialog og autonomi. Det endar lett i konfliktar og dårleg arbeidsmiljø. Vi ser tendensar til at verne- og miljøarbeidet taper terreng, og at ein veksande HR-ideologi neglisjerer samarbeidet med dei tillitsvalde og verneomboda. Den er kanskje anekdotisk, men likevel illustrerande: Historia om den tillitsvalde som kom til HR-sjefen for å avtale tid for eit møte med toppleiinga, og fekk til svar: «Eg er ingen møtekoordinator. Hovudoppgåva mi er å verne sjefen mot deg og dine.»
Eit større internasjonal studie (International Social Security Insurance mfl.), som inkluderte meir enn 20 land, har vist at investeringar i arbeidsmiljø og førebygging ikkje berre aukar trivselen, men også gir økonomisk utbytte. Det blei påvist samanhengar mellom konkurransekraft og produktivitet og satsing på arbeidsmiljø.
Litt forenkla seier rapporten at for kvar krone som blir investert i arbeidsmiljø, er gevinsten 2,20 kroner.
Ikkje spør meg korleis dette reknestykket skal settast opp. Kanskje er det nok med kvardagserfaringar: Det gode arbeidsmiljøet lønner seg. Det gjer kvardagen betre for den enkelte, gir gevinstar for arbeidsplassen og for samfunnet.