Unio-leiaren sin replikk:
Kommunekartet i endring?
Dess fleire krav og forventningar regjering og Storting stiller til kommunane, dess meir pressar det fram færre og større kommunar. Vi har fått ei ny utgreiing om framtida for Kommune-Noreg. Eit offentleg utval har levert NOU 2023: 9 «Generalistkommunesystemet – Likt ansvar – ulike forutsetninger». Her må ein leite godt for å finne noko banebrytande. At eit slikt utval foreslår færre og større kommunar er ikkje uventa.
Publisert: 11. april 2023
Heilt sidan formannskapslovene frå 1837 har det vore debatt om ansvarsdelinga mellom staten og kommunane. Ein periode var det skilnader – også i ansvar og oppgåver – mellom bykommunar og landkommunar. Tankegangen var at sidan byane hadde fleire innbyggarar og større ressursar kunne dei makte meir. Etter kvart fekk ideen om generalistkommunen fotfeste. I prinsippet inneber dette at alle kommunar har dei same oppgåvene og det same ansvaret. Innbyggarane skal få tilgang til likeverdige tenester uavhengig av kva for kommune dei bur. Dei fleste erkjenner at det ikkje er slik i dagens Kommune-Noreg.
Like etter krigen var det 744 kommunar i Noreg. I dag er talet 356. I førre regjeringsperiode blei talet redusert med 72. Det har neppe blitt dårlegare tilbod til innbyggarane av at det har blitt færre kommunar. Men det er også vanskeleg å bevise at det er betre å bu i store kommunar enn i mindre. Det er mange andre faktorar som spelar inn når det gjeld trivsel og bulyst. Med dei demografiske endringane som står for tur, er det likevel mykje som talar for at noko færre og litt større kommunar vil presse seg fram. Det handlar ikkje minst om aukande krav til kompetanse og kvalitet på offentlege tenester. Dette er krav som må stettast for at det skal bu folk og finnast arbeidsplassar over heile landet. Ikkje alt kan løysast gjennom interkommunalt samarbeid.
Eg har tidlegare hevda at forholdet mellom staten og kommunane er prega av eit ping-pong-spel om pengar og ansvar. Stortinget gjer vedtak om kommunale oppgåver, somme er lovfesta. Men det er ikkje opplagt at pengane følgjer med. I alle fall ikkje i det omfanget kommunane forventar. Her rører vi ved kommunane si todelte rolle. På den eine sida skal kommunane iverksette nasjonale oppgåver – dei har ei forvaltingsrolle. På den andre sida har vi det kommunale sjølvstyret som inneber at kommunane skal vere stifinnarar og utvikle eigen kommune til beste for innbyggarane. Til tider konkurrerer desse rollene om både pengar og prioriteringar.
Sett på spissen kan det verke som om kommunane, eller lokalpolitikarane, ønsker mest mogeleg sjølvstyre og størst mogeleg pengesekk frå staten. Sentrale styresmakter – både regjering og Storting – er meir opptekne av å vise handlekraft ved å markere høge ambisjonar enn å sikre seg at kommunane maktar å gjennomføre. Så lenge øyremerking nærast er eit fyord både sentralt og lokalt, vil vi måtte leve med ping-pong-spelet enten kommunane er små eller store. Men at reformer og pålegg blir fullfinansierte frå staten må vere eit rimeleg krav.
Generalistkommuneutvalet har kartlagt i kva grad kommunane oppfyller lovkrav. Ingen kommune leverer 100 prosent. Det er betydeleg variasjon. Men det er ei klar oppsummering at store kommunar som ligg sentralt (kvar er det?) er betre på lovoppfylling enn mindre kommunar som ligg «usentralt». Utvalet konkluderer med at «generalistkommuneprinsippet» er under press. Det må endringar til, meiner utvalet. Fleirtalet vil ha færre og større kommunar. Utvalet legg også fram fleire andre forslag som skal styrke kommunane si evne til å gi gode tilbod til innbyggarane.
Problemet for dei som ivrar mest for større kommunar, er at det er lettare å få ekspertar og utval med seg enn å få heiarop frå innbyggarane. Dei er nok mest opptekne av gode og likeverdige tenester nær seg.
I lys av dei siste års erfaringar med samanslåingar og reversering av nye fylke og kommunar, blir neppe kommunestruktur det heitaste temaet i den komande kommunevalkampen.
Dessutan finst det viktigare saker.