Pensjonsavtale – sjenerøs eller frykteleg?

«Færre skal bære flere i fremtiden og derfor skjønner jeg ikke hvorfor det offentlige har gitt seg selv en dyr pensjonsordning i en tid hvor offentlige inntekter går ned og utgiftene går opp». Slik kommenterer NHO-sjef Kristin Skogen Lund den framforhandla pensjonsordninga i offentleg sektor. Ho får følgje av Norsk Industris Stein Lier Hansen, som legg til at AFP-ordninga er så kostbar at ho ikkje kan gjennomførast.

Publisert: 6. mars 2018

Den dag kjem nok aldri at avtalane i offentleg sektor blir så billege at NHO seier seg fornøgde. Heldigvis.

Men det stemmer heller ikkje når statsråd Anniken Hauglie seier at AFP i offentleg sektor er blåkopi av privat AFP. Det viser irritasjonen frå Lier Hansen, som fryktar smittefare og streik inn i eigne forhandlingar. Målet hans er ein dårlegare AFP-avtale, og då mislikar han både «betinga tenestepensjon» og overgangsordningar.

Sjølvsagt finst det også andre kritikarar. Med ein heilt annan posisjon. Somme meiner at heile avtalen er «frykteleg dårleg». Andre framhevar  AFP-ordninga som det svakaste punktet. Så finst det også dei, mellom andre FAFO-ekspert Jon Hippe, som meiner at avtalen er god, og meir «sjenerøs» enn forventa.

Vi har hatt ein god tidlegpensjon i offentleg sektor. Den nye AFP-ordninga har ei anna innretning, men ho er betre enn privat AFP. Både Unio, LO og YS stod hardt på for eit betre resultat. Vi kom eit stykke, men skulle helst ha kome lengre.

Hovudårsaka ligg i at offentleg AFP står i politisk motstrid til dei berande elementa i pensjonsreforma:

  • Det eine er eit slagord: Det skal lønne seg å stå lenge i arbeid.
  • Det andre er eit hardtslåande verkemiddel: Levealdersjustering.

Begge elementa, og fleire til, er vedtatt med breie fleirtal på Stortinget.

Det kan verke som om enkelte av kritikarane har forventa at vi skulle forhandle vekk levealdersjusteringa. Men den er der, saman med andre reformprinsipp.

Den gamle ordninga ville blitt stadig dårlegare for dei yngre fordi samordninga etter kvart ville «spist opp» tenestepensjonen. Dette blei forsterka av at regjeringa, med støtte i Stortinget, etter forhandlingane i 2009 gjorde det ekstra vanskeleg å kompensere for levealdersjusteringa i offentleg sektor.

Difor var det nødvendig å framforhandle ei ordning som betre ivaretar yngre årskull. Med dagens offentlege tenestepensjon vil ein som er fødd i 1993 måtte stå i arbeid fram til 73 år for å oppnå 66 prosent av sluttlønna som pensjonsnivå. Med den nye avtalen oppnår han eller ho dette nivået ved 69-årsalderen, med yrkesstart som 27-åring.

Då blir det for lettvint, slik enkelte konkluderer: «Avvis avtalen, så blir det meste som før». Det er nettopp det det ikkje blir.

Både særaldersgrenser og uførepensjon har vore tema. På desse områda har vi med oss viktige sikringsmekanismar. Men i begge tilfelle står det att ein god del arbeid før alle avklaringar er på plass.

Dessutan trengst ei ny forståing av «seniorpolitikk. Det kan ikkje lenger berre handle om å stå lenger. Ikkje minst må arbeidsgjevarar no ta ansvar for ein seniorpolitikk som medverkar til at fleire har arbeidsvilkår som gjer det mogeleg å nå fram til ein anstendig pensjon.

Det er ikkje underleg om medlemmer no er usikre på eigne pensjonsvilkår. Det vil kome meir utfyllande informasjon og forklaringar både frå Unio og forbunda, slik at medlemmene har eit best mogeleg grunnlag for å ta stilling til avtalen når den kjem til uravrøysting eller tilsvarande.

I denne omgang nøyer eg meg med å vise til den sterke kritikken frå NHO. Det bør styrke Unios anbefaling.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv