Unio-leiaren sin replikk:
Seniorromantikk?
Enkelte tar no til orde for å fjerne aldersgrensene i arbeidslivet. Grunngjevinga er mellom anna: Folk er friskare enn før, lever lenger, og det er urettferdig og diskriminerande at dei må slutte ved ein bestemt alder, kanskje før dei sjølve vil.
Publisert: 27. august 2012
Eg veit om fleire som både har helse, vilje og evne til å arbeide etter 70. Ikkje mange, men trass alt somme. Men er det god nok grunn til å skrote aldersgrensa? Neppe – i alle fall ikkje så lenge dei aller fleste strevar med å halde ut til nådd aldersgrense, eller til anstendige pensjonsvilkår. For desse er eit arbeidsliv etter 70 mest for seniorromantikk å rekne.
Men seniorromantikken har tydelegvis også sine grenser. Alt no høyrer vi både frå arbeidsgjevarar og ekspertar at det ikkje er opplagt at ein får halde fram på ordinære vilkår. Nei, produktiviteten er neppe som før. Difor bør kontraktane for 70+-seniorane reforhandlast. Lønn og arbeidsoppgåver må kunne endrast, blir det hevda. På den måten får vi lett ei uformell aldersgrense.
Og når oppseiingssakene kjem: Kva blir melodien då? Truleg blir det raskt hevda at oppseiingsvilkåra for seniorane er for strenge. Dei må mjukast opp, blir sikkert kravet. Men kan vi ha to lover? Ei for arbeidstakarar over 70, og ei anna for resten? Neppe. Og då er det nok dei som meiner at det generelle oppseiingsvernet er for strengt. Å fjerne aldersgrensa er neppe tenkt som ein strategi for å svekke stillingsvernet, men kan fort bli det.
Det er viktigare å legge til rette for at fleire kan stå lenger ut i 60-åra enn å fjerne aldersgrensa, meiner arbeidsminister Hanne Bjurstrøm. Ho har rett. Men regjeringa dobbeltkommuniserer. I iveren etter å stramme inn pensjonsvilkåra for folk flest, skal folk stimulerast, eller pressast om ei vil, til å halde ut. Pensjonsopptening til 75 år bli brukt som argument mot dagens reglar. Var det meint slik?
Det blir sagt, kanskje litt spøkefullt, at statens pensjonskasse i si tid blei oppretta for å få embetsmenn til å slutte. Det var også den gongen viktig å sikre nyrekruttering.
Stigande levealder kan tale for å « forlenge arbeidslivet». Førebels fungerer 70-årsgrensa bra for dei fleste. I alle fall – aldersgrenser må vi ha. Men eit framtidig regelverk kan kanskje utformast slik at viss arbeidstakar og arbeidsgjevar er einige, kan grensa tøyast?