Unio-leiaren sin replikk:

Attraktive yrke?

Utdanning, helse, barnehage og barnevern er sentrale tema i den pågåande valkampen. Særleg er partia sentralt opptekne av å markere posisjonar og forslag på desse områda. Både sentralt og lokalt blir desse oppgåvene framheva som satsingsområde, og at dei tilsette er viktige.

Publisert: 31. august 2015

Bra. Men kva så? Det er velkjent at det vil trengast titusenvis av nye tilsette i kommunane om eit par tiår. Særleg gjeld det lærarar og sjukepleiarar, men også andre i dei kommunale kunnskapsyrka.

Skal oppgåvene løysast, må desse yrka bli meir attraktive i åra som kjem. Kva skal til for å rekruttere? For å dekkje kompetansebehova? Dette høyrer vi mindre om både frå partia sentralt og frå dei mange som ønsker å bli ”arbeidsgjevarar” lokalt.

Av og til kan det verke som dette skal ordne seg av seg sjølv, i alle fall viss oljeeventyret går mot slutten.

Ein av dei som er uroa over at læraryrket ikkje er attraktivt nok, er leiaren i Akademikerne, Knut Aarbakke. Han har spurt eigne medlemmer om dei kan tenke seg å jobbe som lærar. Visstnok i vidaregåande. Berre eit fåtal svarar ja på spørsmålet. (Aftenposten, 27. august 2015.)

Det er så mange som snakkar ned skulen, meiner Aarbakke, som ei av forklaringane på vegringa mot å gå inn i læraryrket. Javel, men kanskje er forklaringa like mykje at dei spurde skjønar at dei ikkje utan vidare kan konvertere til læraryrket? Det er ikkje det dei er utdanna til, eller kvalifiserte for. Å presentere lærarjobben som eit B-alternativ, ei naudløysing, å ty til dersom arbeidsløysa trugar, kan neppe kallast framsnakking.

Dessverre held det heller ikkje med berre framsnakking. Skal læraryrket blir meir attraktivt, er det fleire forhold som må endrast:

  1. Lønnsnivået må opp. Det gjeld generelt, og i særleg grad for undervisning med krav til fagleg fordjuping og spesialkompetanse.
  2. Den faglege autonomien gjenreisast. Kontrolltiltaka må dempast.
  3. Skulen og lærarane må snart sleppe å vere arena for stadige politiske utspel, enten dei er pisainspirerte eller heimespøta. Politikarar må slutte å fortelje lærarane korleis jobben skal gjerast.

I praksis gjeld desse punkta for fleire av yrka i offentleg sektor. Lønn og lønnsnivå snakkar dei framtidige ”arbeidsgjevarane” ikkje om i det heile. Men billegare pensjonsordningar er det derimot fleire som vil ”tilby” sine noverande og framtidige tilsette!

Med jamne mellomrom trengs det reformer i offentleg sektor. Men det er ikkje reformer som har mangla for skulen sin del. Problemet er snarare at fleire av dei ikkje har gitt den effekten politikarane venta seg. Difor ber skulepolitikken i altfor stor grad preg av reparasjonstiltak.

Vidareutdanning er eit fornuftig reparasjonstiltak i skulen. Behovet er stort. Og kjem mellom anna av svake og uklare kompetansekrav, manglar ved utdanninga og ein tilsettingspraksis i kommunar og fylkeskommunar som ikkje har verdsett utdanning og kompetanse godt nok.

Sjølvsagt er det bra at statsministeren lovar tiltak for å kvalifisere dei ikkje-kvalifiserte i helsesektoren. Det skulle eigentleg berre mangle. Men også det er eit reparasjonstiltak. Og vil kommunane følgje opp? Derimot kan eit forslag om skjerpa inntak til sjukepleiarutdanninga medverke til auka status og kvalitet. Men føresetnaden er at mange vil konkurrere om å utdanne seg til yrket.

No er det stille om lønna. Til våren blir det ikkje det. Då blir nok den politiske bodskapen høglydt: Alle må vise moderasjon. Særleg i offentleg sektor.

Attraktive yrke? Eller fleire reparasjonstiltak?

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv