Unio-leiaren sin replikk:
Vidaregåande må mobiliserast i kampen mot utanforskap
Det verkar som politikarane ikkje har oppdaga den viktigaste ungdomsinstitusjonen vi har. No må dei satse tungt på dei vidaregåande skulane i kampen mot utanforskap. Og så kjem det ubehagelege: Til det trengst ressursar. Og vilje til å styrke fylkeskommunane.
Publisert: 19. august 2024
Frå stadig fleire hald blir det ropt varsku om at talet på unge som verken er i utdanning eller arbeid, aukar. Dei politiske partia konkurrerer om å kome med «tiltak»: Førebygging, tverrfagleg samarbeid, betre innsats frå Nav er gjengangarar, i tillegg til økonomisk pisk og gulrot. Til denne tid har desse verka så måteleg – om i det heile.
110 000 unge mellom 20 og 29 år er verken under utdanning eller i arbeid. Ein god del unge mottar heller ikkje trygd. Dei er heilt utanfor. Å utdanne seg eller vere i arbeid er oftast bra for helsa – også den psykiske helsa. «Å være utenfor jobb og skole var trist, og jeg ble deppa av det», seier ein ungdom til NRK. I ein debatt under Arendalsveka høyrde vi derimot ungdomar seie at dei ikkje kunne eller ville jobbe før dei var blitt heilt friske. Dette er illevarslande. Vi ser mange døme på at fråvær avlar fråvær.
Meir enn ein av fem startar vaksenlivet utan å ha fullført vidaregåande opplæring. Retten til vidaregåande er no forsterka – ungdom har rett til vidaregåande opplæring fram til oppnådd studie- eller yrkeskompetanse. Og det er gitt utvida rett til omval eller rekvalifisering. Men dei må sjølvsagt både ville det og klare det.
Den vidaregåande skulen skal gi solid grunnlag for høgare utdanning og krevjande studium. Samstundes skal det utdannast godt kvalifiserte fagfolk innan ei rekkje yrkesfag. Ein ressursfattig skule slit med å leve opp til desse forventningane. Likevel er det ikkje tvil om at dei vidaregåande skulane er ein forsømt ressurs på eit anna felt – kampen mot utanforskapen. Her trengst det nye grep og friske pengar.
Vidaregåande opplæring er fylkeskommunane sitt ansvar. Likevel er det sjeldan å sjå at utdanning står øvst på den fylkeskommunale dagsordenen. Rett nok er overskriftene mange, men då handlar det som regel om nedskjeringar, nedlegging av skular og klassar og korleis ein kan vere mest mogeleg «effektiv» ved å fylle opp klassar og grupper.
Staten må forsterke dei økonomiske ressursane til vidaregåande opplæring og til fylkeskommunane. Om nødvendig må midlar øyremerkast. Pengane må nå fram til den enkelte skule og til den enkelte ungdom. Nav har fått friske pengar til meir individuell oppfølging for å få fleire i arbeid eller utdanning. Skulane har ikkje fått ei krone ekstra.
Skulane kan bidra med både eit fagleg og sosialt miljø, også for dei som ikkje når fram til full kompetanse i første omgang. Vi har framleis eit desentralisert nett av vidaregåande skular, slik at dei fleste unge kan bu heime. For å styrke kompetansen og betre ungdomshelsa trengst godt kvalifiserte lærarar og lektorar, men også andre faggrupper må vere med på laget. Skal ein lukkast på dette området, trengst langt meir individuell planlegging og oppfølging enn det skulane har ressursar til i dag. Samarbeid med andre instansar kjem ikkje av seg sjølv – det krev både tid, pengar og personale.
Vidaregåande opplæring har altfor lenge vore i ei politisk bakevje. No må dei vidaregåande skulane få større handlingsrom. Dei må kort og godt bli ein hovudaktør i arbeidet for å hindre utanforskap.










