Unio-leiaren sin replikk:

Uorganisert og fornøgd?

Ein framtidsretta rekrutteringsstrategi er å syte for at det er dei fagorganiserte som er dei mest fornøgde i arbeidslivet, med og utan robotar.

Publisert: 3. september 2019

«De er uorganisert – og fornøyde.» Dette var tittelen på eit VG-oppslag for noko over eit år sidan. I oppslaget møtte vi unge arbeidstakarar, midt i Oslo, som var fornøgde med både arbeidstid og lønn – utan å vere fagorganiserte. Så lenge dei blei behandla bra, var ikkje behovet for å organisere seg så stort, var meldinga.

Og her er vi antakeleg ved kjernen: så lenge det går bra, er det kanskje greitt å vere uorganisert. Men det er slett ikkje sikkert at det går så bra når arbeidslivet endrar seg i rekordtempo.

Det meste av forskinga tyder på at også dei unge ønsker seg fast arbeid og regulerte vilkår. Det får dei best gjennom fagforeiningar og tariffavtalar. Men kor lett blir det for fagforeiningane å halde posisjonen sin, no når organisasjonsgraden her til lands er under 50 prosent?

Framtidas arbeidsliv er eit interessant felt også for forskarar:

Fafo-forskar Kristin Jesnes har særleg studert korleis digitale plattformer slår inn på den norske arbeidsmarknaden. Ho er nøktern optimist. Plattformselskapa har fått eit visst fotfeste i somme bransjar, men omfanget er så langt relativt lite. Både høg organisasjonsgrad og lovgjeving set grenser for fleksibiliteten, og dei fleste «arbeidsgjevarar» vel å tilpasse seg den norske standarden.

Men Jesnes peikar også på at det er sprekker i den norske arbeidslivsmodellen, som resulterer i både låg lønn og usikre arbeidsforhold. I somme selskap blir det nærast forventa at dei tilsette skal vere sjølvstendig næringsdrivande. Men ho kjem også med ei åtvaring, og viser til at plattformøkonomien kan ha kraft til å påverke aktørane i arbeidslivet til å tilpasse seg «utviklinga».

I ein artikkel i arbeidslivet.no blir det hevda at dommedagsprofetiane om at arbeidstakarar vil bli fortrengt av robotar og annan teknologi slett ikkje har slått til. Det ser kort og godt ikkje ut til at plattformbedriftene og robotane kaprar svært mange arbeidsplassar.

Forskarveteranen Jan Erik Dølvik meiner det ikkje har blitt revolusjonære tilstandar på arbeidsmarknaden, men han slår fast at det ikkje er grunnlag for å slå seg til ro, og tru at faren er over. Det skjer endringar under overflata. Endringane skjer ikkje så raskt som spådd, men dei er der. Han peikar særleg på tenestesektoren. Difor må ikkje minst fagorganisasjonane ta ansvar for å etablere gode verkemiddel i omstillingsarbeidet. Dølvik peikar særleg på behovet for meir og ny kompetanse for stadig fleire.

Desse Fafo-forskarane kjem med nye og viktige påminningar til oss som er tillitsvalde. Fagorganisasjonane, og det gjeld også Unio, har ofte diskutert korleis vi skal møte det digitaliserte arbeidslivet. No må strategiar konkretiserast. Ikkje minst må vi ta det ansvaret overfor ungdom som vil møte store endringar, raske omstillingar og stadig høgare kunnskapskrav. Velferdsteknologi, helseteknologi og utdanningsteknologi er i ferd med å bli ein del av kvardagen for stadig fleire.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv