Unio-leiaren sin replikk:
Brannvern og barnevern
Nyttårshelga ligg rett bak oss. Nyttårsfeiringa like eins. På førehand stod mange ansvarspersonar fram og åtvara mot brann- og eksplosjonsfare. Med rette. Og eg er sikker på at ordførarar og rådmenn forvissa seg om at brannvernet var klar for innsats i si kommune. Sjølvsagt. Brannvern må prioriterast. Ikkje fordi ein veit det vil brenne, men fordi det kan kome til å gjere det
Publisert: 2. januar 2013
Kva så med barnevern? Ein skulle tru at ivaretaking av barn stod aller høgast på prioriteringslista. Barna er det aller viktigaste, høyrer vi stadig vekk. Også frå politikarar – i tverrpolitisk kor. Men i praksis?
I praksis er det mellom anna slik at 280 kommunar ikkje er kopla til den nasjonale kontakttelefonen. Telefonen som er døgnopen. Barn og andre kan vende seg dit med bekymringar, kriser og rop om hjelp. Men fleirtalet av kommunane deltar ikkje. Og det verkar ikkje som betryggande alternativ er oppretta. Altfor mange stader er barnevernet “stengt” etter klokka fire. Dette held ikkje! Det veit mange av Unios medlemsgrupper i helsesektoren, barnhagen, skulen og i politiet. Barneministeren veit det også. Og seier det rett ut: barnevernet er ikkje godt nok. Sjølv om vi både har eit statleg og eit kommunalt barnevern.
Det statlege verkar overbyråkratisert, det kommunale underprioritert. På dette området må det kommunale sjølvstyret vike. Stortinget må pålegge kommunane minstenormer når det gjeld bemanning og kompetanse. Kommunane må – om nødvendig – tvingast til å samarbeide for å sikre barn som treng ekstra omsorg.
Barnevern er like viktig som brannvern – heile året.