Unio-leiaren sin replikk:

Arbeidslivsrelevans – ein humpete blindveg?

Heilt sidan 1972 har NIFU undersøkt korleis uteksaminerte kandidatar frå universitet og høgskular klarer seg på arbeidsmarknaden. Hovudkonklusjonen har vore – og er – at høgre utdanning er ein sikker veg til arbeid.

Publisert: 5. oktober 2020

Sjølvsagt er det variasjonar med utdanningstype og korleis det står til på arbeidsmarknaden. Somme fag er meir konjunkturavhengige enn andre. Men sjølv i tider med ein krevjande arbeidsmarknadssituasjon, er arbeidsløysa blant kandidatar med høgare utdanning klart lågare enn for grupper utan høgare utdanning.

I og med at dei aller fleste får jobb, enten det er i offentleg eller privat sektor, må vi legge til grunn at arbeidsgjevarane drar nytte av kompetansen deira. Alt tyder på at utdanninga er nyttig for jobben som skal gjerast. Viss det ikkje var tilfelle, ville vel arbeidsgjevarane ha skaffa folk med meir relevant kompetanse?

Likevel har vi no fått ein stor debatt om «arbeidsrelevans» i høgare utdanning. Arbeidslivsrelevans er brått blitt ein slags trylleformel for betre samarbeid mellom akademia og næringslivet. På den måten skal det visst nok skapast både innovasjon og bli lettare å sjå inn i framtida. Dei fleste «buzzorda» blir tatt i bruk i ei slags overtru på at berre næringslivet får bestemme meir over utdanninga, kjem både kreativitet og framgang av seg sjølv.

Men næringslivsaktørane er neppe naive. I praksis blir ropet om meir arbeidslivsrelevans lett ei innsnevring av den akademiske fridomen. Dermed blir eit av universiteta sitt samfunnsoppdrag – den faglege breidda og den djupe faglege kvaliteten – sett under press. Frå før har vi sett kor freistande det er å nedprioritere dei såkalla mjuke faga – enten de handlar om humaniora eller samfunnsfag. I ein businessprega ideologi er dei ikkje nyttige nok.

Somme av opposisjonspartia har tatt til orde for å endre finansieringsordninga for høgare utdanning. Dei som leverer best på arbeidslivsrelevans, skal få meir pengar. Det er god grunn til å vurdere finansieringsordninga, men det må kunne gjerast utan å snevre inn mandatet for høgare utdanning. Det er eit tankekors at denne instrumentelle tenkinga, godt fundert i New Public Management- ideane, kjem frå venstresida.

Det vil ikkje vere underleg om dagens regjering etter kvart grip fatt i dette. Det passar godt inn i ABE- reforma. Den handlar om effektivisering, om å få bukt med det unyttige. Rett nok har regjeringspartia så langt gått imot forslaget om å endre finansieringsordninga til å premiere arbeidslivsrelevans. Samstundes har regjeringa varsla at det til våren skal kome ein stortingsmelding om arbeidslivsrelevans.

Sjølvsagt må utdanningar som er retta mot spesifikke yrke vere relevante for dei aktuelle yrka. Det skulle berre mangle. Det er så innlysande at det i alle fall ikkje kallar på ei eiga stortingsmelding. Men det er ikkje eit argument for å snevre inn disiplinfaga til å bli såkalla «arbeidslivsrelevante».

Dessutan er arbeidslivsrelevans eit upresist omgrep. Det er mest eit slagord. Knapt nokon kan seie eksakt kva som er arbeidslivsrelevant nokre år fram i tid. Til det skjer endringane for raskt. Ofte er dei drivne fram av solid grunnforsking og breiddekunnskap.

Partane i arbeidslivet er inviterte til å delta i ein «intensjonsavtale om arbeidsrelevans». Trepartssamarbeidet kan brukast til mykje. Men her er det grunn til å stille spørsmål ved forslaget. Det er ikkje opplagt at vi har spesialkompetanse på å gjette oss fram til kva som er arbeidslivsrelevant om 15–20 år. Den kompetansen finst knapt.

Då er det betre at styresmaktene viser større vilje til å satse tungt på heile utdanningskjeda frå barnehage til universitet, og å legge større ressursar inn i forskingsfeltet. Det vil gi godt grunnlag både for omstilling og for fagleg spesialisering i tråd med aktuelle behov.

Dessutan bør arbeidslivet – både offentleg og privat sektor – i større grad konsentrere seg om oppgåver og ansvar dei allereie har. Det eine er å skaffe læreplassar til elevar i vidaregåande opplæring. Det andre er å skaffe praksisplassar med rettleiing til studentar som skal og må ha slik kontakt med arbeidslivet.

Begge delar er arbeidslivsrelevant. Men å pålegge heile utdanningssystemet ei snever nyttetenking under overskrifta «arbeidslivsrelevans» kan lett bli ein humpete blindveg.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv