Unio-leiaren sin replikk:
Norwegian og streikebryteri
Konflikta mellom Norwegian og pilotane verka nesten uunngåeleg. Den blir neppe langvarig. Til det står for mykje på spel for begge partar. Strid om prinsipp og framtidsutsikter er ofte vanskeleg å forklare for publikum.
Publisert: 2. mars 2015
Pilotane er ikkje akkurat ei låglønnsgruppe. Men dei streikande fortener likevel klar støtte. Mellom anna fordi striden stå mot ein arbeidsgjevar som prøver å organisere seg vekk frå ansvar, også arbeidsgjevaransvaret.
Det er beinhard konkurranse om kostnader i internasjonal luftfart. Det mest vanlege konkurransekonseptet er å underby – å fly billegare enn – konkurrentane. Norwegian har bygd seg opp på dette opplegget. Og har vore dyktig. Så dyktig at selskapet bør skifte namn. Det er tilsynelatande litt att av eit norsk flyselskap. Målet er visst å kutte mest mogeleg av det som er norske reglar, norske arbeidsvilkår, norsk lønn og pensjon.
Vi har sett det lenge i skipsfarten. Og andre stader. Det dukkar stadig om nye måtar å organisere selskap og bedrifter på. Morselskap og dotterselskap. Bemanningsbyrå og innleige overtar for fast tilsette hos ein ansvarleg eigar og arbeidsgjevar. Til slutt veit ein knapt kven som er arbeidsgjevar. Og dermed blir det vanskeleg å ha oversikt. Kven har ansvar for beslutningar og disposisjonar? Fragmentering skaper forvirring.
Det er antakeleg slike organiseringsformer som gjer at Norwegian og Kjos trur dei kan sleppe unna å bli stempla for å drive streikebryteri. Dei flyr inn, bokstaveleg talt, personell som skal erstatte streikande. Eigaren prøver å vri seg unna effekten av streiken ved å erstatte streikande pilotar med andre pilotar. Det er nettopp det som er streikebryteri.
Difor håper eg at både Unio-medlemmer og andre tenker seg godt om før dei reiser med Norwegian medan streiken påpgår.