Unio-leiaren sin replikk:
Budsjett i ureint farvatn
No er budsjettforhandlingane i gang. Både KrF og Venstre har gjort klare sine budsjettopplegg. Og det er venta at i løpet av ei vekes tid er opplegget for neste års statsbudsjett langt på veg avklart. Nokre småpengar skal vel stå att for å gi ulike komitear litt spelerom.
Publisert: 3. november 2014
Det som til no er kjent tyder på at regjeringa vil få seg ein grønfarga blåveis og ein meir menneskeleg profil. Sjølv om Erna tidlegare skifta strategi og ville gå «frå milliardar til menneske», så har i alle fall ikkje det første blåblå budsjettet blitt tolka i den retning. Kritikken har til og med kome frå eigne rekker, og i alle fall frå støttepartia i sentrum.
Ein skal ikkje vere stor spåmann for å antyde at ein eller fleire av aktørane vil seie: «Eit godt budsjett har blitt endå betre». Men det er ikkje opplagt at Krf og Venstre vil få så stort gjennomslag som dei no gir inntrykk av. For det første så spriker dei to på viktige område. For det andre er regjeringspartia gode spelarar, og kan dermed spele dei to ut mot kvarandre. For det tredje – verken Venstre eller Krf verkar innstilte på å sette alt i spel. Regjeringskrise er truleg ikkje eit alternativ i denne omgang, sjølv om tonen har vore beinhard. Særleg den dagen budsjettet blei presentert.
Difor tyder mykje på at regjeringa må justere kursen, og finne ei anna lei enn først tenkt. I alle fall i det ureine farvatnet som no står for tur. Men eg trur ikkje Erna og Siv gir opp å nå den hamna dei hadde tenkt seg til. Men det tar nok litt lenger tid. Ein del av lasten vil nok dessutan vere ubrukeleg når dei når fram. I alle fall er det tydlege at ein del av varene dei har lasta om bord er mindre verdt enn dei trudde. Kanskje blir dei ikkje lossa i det heile, men dumpa under vegs. Truleg er det best for miljøet, når alt kjem til alt.