Unio-leiaren sin replikk:

OL – galskap og glede

Eg er nok litt meir enn middels interessert i idrett. Store prestajonar kan gi hysterisk glede. Bjørndalen og Bjørgen sine gull på den første OL-dagen er gode døme. Med kjensler i spel av fleire grunnar enn medaljane.

Publisert: 10. februar 2014

Likevel – det er med stadig aukande bismak og tvil eg følgjer OL i Sotsji. Og andre meisterskap prega av gigantomani. Pengebruken kjenner visst ingen grenser. I tillegg skjer brot på både arbeidstakarrettar og menneskerettar. Mange blir utnytta og misbrukte for at businessfolk, tilskodarar og tilhengjarar skal få følgje verdselitane. Vår tids gladiatorar.

Sotsji er ingen “naturleg” stad for vinter-OL. Vinteridrett er eit framandord i området. Difor måtte det konstruerast ein vinterarena. Prislappen er svimlande 300 milliardar kroner. Det skulle ha kosta 70 milliardar. Også det ville ha gitt det dyraste vinter-OL nokon gong.

Snart er det Brasil sin tur. Først fotball VM, og så sommar OL. Det verste blir likevel fotball-VM i Qatar i 2022. I eit land som importerer arbeidskraft på verst tenkelege arbeidsvilkår. På vegen mot fotball-VM vil vi oppleve moderne slaveri i idrettens teneste.

Det er neppe fair-play som fører store idretten til arrangement og stader der folk lever i fattigdom, der menneskerettar blir grovt krenka og der arbeidsvilkåra er skammelege.

Den internasjonale fagrørsla har engasjert seg for å påverke, endre og forbetre. Men lukkast langt frå godt nok. Sommar-OL i London var kanskje eit heiderleg unntak. Her blei det gjort avtalar som gav ei viss sikring for arbeidstakarane.

Det er krevjande å mobilisere mot noko som på overflata ser bra ut, og som fangar interessa til mange, mange. Men “brød og sirkus” hadde i si tid sin pris og fekk sin ende.

Men skal galskapen og gigantonomien stoppast, i det minste bremsast, trengst det både folkeleg og politisk engasjement. Det krev alliansar mellom fagrørsla, menneskerettsorganisasjonar og andre.

Dei globale idrettspampane må få meir motstand. Dei eig i alle fall ikkje idretten.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv