Unio-leiaren sin replikk:

Internasjonale konkurranseparadoks

Medan norske elevar presterer middels, eller litt for svakt, er norske industrilønningar i toppsjiktet. Middels skuleprestasjonar er eit problem. På lønnsområdet er det annleis. Lønnsveksten må ned for at Noreg skal bli meir konkurransedyktig, er tilrådinga frå Holden-utvalet. Men vil dei beste elevane ønske å bli lærarar om yrket ikkje er attraktivt nok?

Publisert: 4. desember 2013

3. desember var dagen for PISA og Holden III. Begge handla om konkurranse og prestasjonar. Pisa måler skuleelevar sine prestasjonar i enkelte fag. Denne gongen var det matte eller rekning, som fekk mest merksemd.

Holden III – eit offentleg utval handla om «lønnsprestasjonar» og norsk konkurranseevne overfor andre land. Litt Pisa-aktig, men med ein annan inngang.

For å få lønnsveksten ned, må vi vidareføre, og helst forsterke, det verkemiddlet som har ført lønnsveksten oppover og svekka konkurranseevna, altså frontfaget, seier Holden. Det kan høyrest ut som ein krevjande logikk, for ikkje å seie pedagogikk, når ein vil ha meir av det som har skapt problema. Men la gå, for Holden kjem også med ei anna formaning: Oljeveksten må også ned. Så kanskje det hjelper.

Kva så med skuletiltaka? Her er det stor semje om å satse på læraren. Alle vil det. Og alle vil ha sterk fagkompetanse i heile kunnskapskjeda. Kva skal så gjerast? Meir etterutdanning, seier ministeren Bra. Men nok? Neppe.

Det viktigaste er at læraryrket må bli meir attraktivt. Det må høgre opp på rankinglista for ungdom. Fagkunnskap og profesjonalitet er viktig. Status også. Og då kan ein ikkje sjå vekk frå lønna. Lønnsnivået er gjennomgåande lågt for utdanningsgrupper i offentleg sektor. I Holdenutvalet blir det nok ein gong påvist at lærarane har blitt hengane etter.

Men utover visse bekymringar for «samanpressa lønnsstruktur», lar Holdenutvalet slike utfordringar ligge. Det var heller ikkje del av mandatet. Holdenutvalet nøyer seg med å halde fast på frontfaget og å understreke at offentleg sektor ikkje skal vere lønnsleiande. Som om det er noko problem! Men somme arbeidsgjevarar er visst urolege likevel.

NHO og Spekter meiner at lønn i offentleg og privat knapt kan samanliknast. Mellom anna fordi offentleg pensjon skal vere betre. Noko dei forresten vil ha slutt på. «Det er som å samanlikne eple og kaniner» (sic!) ifølgje Spekters Lars Haukaas.
For desse er det i alle fall ikkje noko poeng å gjere viktige yrke attraktive.

Dei prøver seg på reknestykke som vil dra i motsett retning. Samstundes vitnar det om «reknekunst» som i alle fall ikkje ville trekkje Pisa-nivået opp. Tvert imot.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv