Unio-leiaren sin replikk:

Dyre og gode grunnar

Det var ikkje den største budsjettlekkasjen. Men 2,7 milliardar kostar det visst: Regjeringa vil at den såkalla avkortinga av grunnpensjon/garantipensjon i folketrygda skal reduserast, og etter kvart fjernast. Regelen er i dag at gifte og sambuande pensjonistar får eit kutt grunnpensjonen med 15 prosent. Fram til 2003 var dette pensjonskuttet på 25 prosent.

Publisert: 21. september 2015

Regjeringa har fått kritikk for dette opplegget. Og det kan i høg grad diskuterast om dette er den beste bruken av så mykje pengar. Og kva for innstramming som kjem i kjølvatnet av dette veit vi heller ikkje. Som så ofte elles, det kjem an på augo som ser. Somme av kritikarane, som avisa DN, støttar gladeleg større kutt i skatten til langt færre.

Om dette forslaget overlever budsjettforhandlingane står att å sjå. Det har i årevis vore ei sak berre for Frp. Som argumenterer med rettferd.

Det er vanleg å sjå på lønn som ei individuell betaling for utført arbeid, og som grunnlag for pensjon. På same måte er detrett å sjå på pensjon som noko den enkeltehar tent opp, eller har rett på.Ikkje minst er dette viktig med tanke på likestilling mellom kjønna.

Kven ville finne på å foreslå at yrkesutøvarar som er gifte eller sambuande skulle få eit lønnskutt på 15 prosent?

Då folketrygda blei innført midt på 60 talet, var yrkesmønstra annleis. Berre eit fåtal kvinner var i lønna arbeid. Regelen det her er tale om har overlevd sidan den gongen. Grunngjevinga då som no er at gifte eller sambuande deler på kostnader, og pensjonistlivet er dermedbillegare. Sjølvsagt er det dyrare å vere einsleg, både som lønnstakar og som pensjonist. Dette burde nok fangast betre opp i skattesystemet.

Men kven ville finne på å foreslå at yrkesutøvarar som er gifte eller sambuande skulle få eit lønnskutt på 15 prosent?

Og mange universelle ordningar ville ligge tynt an dersom ein skulle vurdere ”rett pengebruk”, slik kritikarar gjer i denne saka. Då ville mange rikingar miste både barnetrygd og andre trygdeytingar.Det kan vere betre grunn til ei slik endring enn til å vidareføre avkortinga for låglønte pensjonistar.Men skal einbehovsprøve universellevelferdsordningar, er dei ikkje lenger universelle.

Avkortingsreglaneførst og fremst råkar dei med relativ låg inntekt og låg pensjon. Her er kvinner i fleirtal. Dersom pensjonsgrunnlaget nærmar seg 500 000,fell i praksis avkortinga vekk.

Regjeringa tar difor her eit grep som eg meiner er prinsipielt rett. Dagens ordninger gamaldags. Både kvinner og menn er sjølvstendige lønnstakarar, og bør hapensjonsrettar på det grunnlaget.Men eg er spent på «rekninga». Difor tar ikkje Unio endeleg stilling før vi ser heile budsjettopplegget.

Men det er gode grunnar til å avkorte avkortinga.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv