Unio-leiaren sin replikk:

Krig er menneskeforakt

Medan julemuzaken har gjort sitt inntog for lenge sidan her til lands, er det bomber og granatar som pregar dagleglivet mange andre stader. Kontrastane er kolossale. Aggresjonen og lidingane er enorme enten vi ser til Ukraina eller til Gaza/Israel. I tillegg finst det konfliktar og krigar som i større grad går under radaren her til lands. Krig er forakt for liv.

Publisert: 6. desember 2023

Russland sitt brutale angrep på Ukraina har dominert mediebildet i snart to år. Noreg og mange andre land har gitt full støtte til Ukraina. Støtten har vore våpen, pengar og nødhjelp. I tillegg har det vore ei nærast unison politisk og moralsk støtte. Ikkje minst har vi tatt imot svært mange flyktningar frå Ukraina. Det har vore sjølvsagt å vise solidaritet med folket i Ukraina.

Det stiller seg annleis med krigen mellom Israel og Hamas. Her er motsetnadane skarpe. Grunnane er fleire. Spenninga ligg i historia. Dei fleste forstod at Israel ville slå tilbake etter Hamas-angrepet, men motangrepa er ute av proporsjonar. Det er nesten ikkje til å tru.

Unios representantskap har vedtatt ei fråsegn der vi på det sterkaste fordømmer drap og terror mot sivile i Israel og Gaza. Folkeretten må respekterast, og krigshandlingane må stoppast. Våpenkvile er eit første steg. Arbeidet med å finne ei rettferdig og varig løysing på konflikten må forsterkast.

Noreg har tradisjonelt hatt viktige kontaktar på begge sider av konflikten. Det er bra at regjeringa har vore aktiv i desse kanalane. Regjeringa har skarpt fordømt Hamas sine terrorhandlingar. Samstundes har kritikken mot Israels uforholdsmessige reaksjonar vore minst like skarp.

Mange er råka av bomberegnet. Mangelen på mat, vatn og medisinar er katastrofal. Det verste er å sjå korleis krigen rammar barn og unge. Tusenvis er drepne, og endå fleire er hardt skadde, mange for livet. Detter er heilt uakseptabelt. Barn og unge må beskyttast, ikkje brukast som gislar av krigførande partar.

Den humanitær katastrofen blir forsterka av mangel på nødhjelp og av at sjukehus og skular blir angripne. Situasjonen kan verke håplaus etter at krigen er intensivert etter ei mellombels våpenkvile.

Begge partar har som mål å utslette den andre. Det skaper ein fastlåst situasjon. Ikkje nok med det. Krigshandlingane og krigsretorikken forsterkar frustrasjonen og hatet på begge sider.

Det internasjonale samfunnet og begge partar sine allierte må ta eit større ansvar for å få slutt på krigen. Dei fleste fagfolk er samde om at USA spelar ei sentral rolle i så måte.

Krig er nederlag. Det er menneskeforakt. No må freden vinne. Det gjeld både krigshandlingane i Ukraina og krigen mellom Israel og Hamas.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv