Brexit – lærdom for eliten?

Fleirtalet av britane har røysta ”ut av EU”. Reaksjonane i ”elitemiljøa” er nokså eintydige: Folk forstår ikkje sitt eige beste, og dei vil bli straffa både på lommeboka og på andre måtar.

Publisert: 27. juni 2016

Mange av reaksjonane frå kommentariatet, politikarar eller økonomar er prega av arroganse: Slike store saker kan ikkje avgjerast gjennom folkerøystingar. Denne haldninga minner om det synet mange sentralistar har på folkerøystingane om den heimlege kommunereforma.

Sjølvsagt er det komplisert. Og kanskje har arbeidsfolk i Storbritannia stemt meir med hjartet enn med hjernen. Men kanskje er det nettopp slike ovanfrå og ned-reaksjonar og «forklaringar» som skaper motstand blant vanlege folk, enten det gjeld Storbritannia og EU eller kommunereforma og folkerøystingar her til lands. Delar av den norske eliten har meint og meiner framleis at det norske folket tok «feil» i folkerøystingane både i 1972 og i 1994. Det kom til å gå oss ille, blei det sagt. Akkurat slik ja-folket har gjort, og gjer, i Storbritannia.

Britane har ikkje gjort det enkelt for seg sjølve. Striden har vore bitter. Begge sider har overspelt, dels med trugsmål, dels med lovnader dei neppe kan halde. Folk er splitta. Businessfolka i City er deprimerte. Dei rike taper pengar, stor pengar. Skottane er sinte. Og dei som har stemt nei, googlar visst no for å finne ut kva EU er, får vi vite av taparsida både i Storbritannia og Noreg.

Og det er jammen ikkje enkelt å svare på kva EU er. Bortsett frå at mykje makt er samla i Brussel. EU, også den europeiske fagrørsla, står i ein slags spagat: På den eine sida er hovudideen «fri flyt», og på den andre sida handlar mykje av den praktiske politikken om å avgrense skadeverknader av fri flyt – av arbeidskraft og kapital, ikkje minst. Dette skaper spenningar. EU har gått meir og meir i retning av overnasjonal styring der omsynet til den økonomiske eliten har vore viktigare enn omsyn til arbeidstakarar og vanlege folk. Målet om det sosiale EU har blitt svekka under vegs. Skilnadene mellom ein rik elite og folk flest har blitt større. Fri flyt og arbeidsinnvandring har forsterka spenningane. Desse har kome tydeleg til uttrykk i Storbritannia.

Den europeiske fagrørsla har lenge protestert mot feil kurs og har argumentert for endringar og ein meir sosial EU-profil. EU har i liten grad lytta.

Men nei-britane kan møte seg sjølve i døra. Storbritannia har på ei rekkje område prøvd å presse arbeidsvilkåra nedover, også under EU-nivå. Britane har fått unntak, mellom anna når det gjeld arbeidstidsreglar. Det er ei hovudårsak til at britisk fagrørsle klart har vore for vidare EU-medlemsskap. Faren er no, og det er det store paradokset, at dei som har røysta nei i protest mot aukande skilnader og dårlege arbeidsvilkår, kan få endå dårlegare vilkår – i alle fall på kort sikt.

«Alle» er visst einige om at EU no må endre seg. Det er ikkje opplagt at det skjer. Den europeiske fagrørsla har lenge protestert mot feil kurs og har argumentert for endringar og ein meir sosial EU-profil. EU har i liten grad lytta.

Kanskje blir dialogen betre no. I alle fall har grunnlaget endra seg. Unio har lenge hatt eit aktivt engasjement overfor EU, først og fremst gjennom ETUC (den europeiske fagrørsla). Dette engasjementet blir ekstra viktig i tida som kjem. EU vil framleis ha betydeleg innverknad på norsk politikk, ikkje minst på arbeidslivspolitikken. Dessutan vil det nok bli nye debattar både om EØS-avtalen og meir generelt om forholdet mellom EU og dei europeiske landa som står utanfor.

Det er ulike syn på EU, også blant Unio-medlemmer. Men Brexit illustrerer kor viktig internasjonalt arbeid og samkvem er – også for Unio.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv