Unio-leiaren sin replikk:
Likelønn i sniglefart
Kvinner tener dårlegare enn menn. Kvinner med høgare utdanning tener langt dårlegare enn menn med tilsvarande utdanningslengde. Lønnsgapet mellom kvinner og menn verkar nærast urokkeleg. Framgangen er mikroskopisk, og skjer i sniglefart. Difor markerer vi likelønnsdagen 16. november i år.
Publisert: 16. november 2020
Eit hovudproblem er at mange nektar for at verdas mest likestilte land har eit likelønnsproblem. Særleg gjeld det på arbeidsgjevarsida. Der er melodien at vi har likelønn så lenge det ikkje kan påvisast brot på likestillingslova:
“Kvinner og menn i samme virksomhet skal ha lik lønn for samme arbeid eller arbeid av lik verdi. Lønnen skal fastsettes på samme måte, uten hensyn til kjønn.”
Men at kvinner og menn har tilnærma lik lønn innan same yrke, inneber ikkje at det er likelønn i det norske arbeidslivet. Til det talar tala eit for tydeleg språk. Kvinner, uavhengig av yrke og arbeidsplass, tener i dag knapt 87 prosent av det menn gjer. SSB har til dømes vist at ein barnehagelærar har lågare livslønn enn ein som avsluttar utdanninga etter vidaregåande.
For å sleppe å bry seg er det difor vanleg å ty til ei anna bortforklaring. Årsaka til ulikelønna er at kvinner – og nokre menn – vel feil. Dei tar feil utdanning, og dei går inn i feil yrke, oftast i offentleg sektor. Alle veit at viss ein vil arbeide i offentleg sektor, særleg i kommunesektoren, må ein «rekne med» at lønna gjennomgåande er lågare enn i fleire andre sektorar. Det rammar både kvinner og menn. Men feilvalet har dei altså sjølve ansvaret for, er bodskapen.
Paradokset er at ulikelønna er tydelegast i sektorar og yrke som det er størst behov for. Dermed kjem ei anna forklaring: Det blir for dyrt å gjere noko med ulikelønna.
Mangel på likelønn og diskriminering av kvinner i arbeidslivet er ikkje eit moderne fenomen. Det er på mange måtar ein historisk arv. Fagrørsla var lenge mannsdominert, og mange frykta at kvinner skulle ta arbeid frå mennene. Det er berre vel eit halvt hundreår sidan det var ein eigen og lågare tariff for kvinner enn for menn i industrien.
Gjennom frontfagsmodellen har industrien framleis eit hegemoni over lønnsdanninga. Så lenge dei mannsdominerte lønnsoppgjera i industrien gir ei rettesnor for lønnsutviklinga i resten av arbeidslivet, er det så godt som uråd å bryte ut av likelønnsfella. Dette blir forsterka av at mange meiner at å prioritere låglønte er det same som å prioritere likelønn. Det held ikkje. Og slett ikkje når stadig fleire tar høgare utdanning.
Sidan likelønnsproblemet gjeld heile arbeidslivet, og er sektorovergripande, vil ikkje dei tradisjonelle tariffoppgjera åleine makte å tette likelønnsgapet. Det vil vere både urimeleg og urealistisk at alle menn i kommunesektoren skulle stå stille i fleire oppgjer, for å gi kvinner ekstra tillegg. For det første er der så få menn at den mannlege lønnspotten ikkje vil strekke til. For det andre vil dårlegare lønn for menn vere eit håplaust tiltak når det samtidig er eit mål å rekruttere fleire menn til kvinnedominerte yrke.
Vi hyllar ofte trepartssamarbeidet. Det er ein viktig kanal for gode tiltak. Det trengst eit krafttak for likelønn forankra i trepartssamarbeidet. Då må staten levere økonomi som monnar for å løyse det samfunnsproblemet som ulikelønna er. Partane må ta ansvar for ein opptrappingsplan som kan handterast i eller utanfor dei tradisjonelle tariffoppgjera. Dette er krevjande. Det vil sikkert ta tid. Men dagens sniglefart held i alle fall ikkje.