Unio-leiaren sin replikk:

Riper i lakken

OECD har utarbeidd retningsliner for skikk og bruk for internasjonalt næringsliv, særleg retta mot multinasjonale selskap. Det har vore ein krevjande prosess. Mange seier ja til reglar, men vil helst ha unntak for eigen business. Men medlemslanda har blitt einige om eit regelsett. Det handlar om alt frå menneskerettar, barnearbeid, arbeidstakarrettar til lovverk mv. I tillegg er det oppretta nasjonale råd (kontaktpunkt), som skal følgje opp reglane.

Publisert: 23. oktober 2013

Arbeidstakarsida har vore ein pådrivar for slike reglar. Eg har vore på mange debattar om saka. Og ofte tenkt: heldigvis har vi eit anstendig næringsliv i Noreg.

Men kva skjer? Noreg, gjennom oljefondet og Finansdepartementet, påfører seg sjølv stygge riper i lakken. Det norske “kontaktpunktet” kritiserte tidlegare i år oljefondet for å ha businessinteresser – om enn små – i eit koreansk selskap som opererte i strid med OECD-reglane.

I ettertid har Noreg dratt i gang ein prosess i OECD som skader vårt omdøme. Formelt ber ein om klargjering av regelverket, og om nasjonale selskap som oljefondet, fullt ut skal vere omfatta av reglane. Det vekkjer mildt sagt undring at det er norske styremakter som tar eit slikt initiativ. Det er “outrageous”, var ein kommentar som fall. Dei fleste, med innsikt i feltet, skjønar at internasjonale spelereglar kan vere i fare viss det blir sådd tvil om kor gyldige dei er. Reaksjonane i den internasjonale fagrørsla er ekstra sterke, naturleg nok. Unio følgde opp, og i brev til regjeringa bad vi om at Noreg la saka død, og heller støtta opp om dei internasjonale retningslinene.

Då saka var oppe på eit møte i Paris tidlegare denne månaden, blei utfallet at det skal utarbeidast ein rapport, og spørsmål knytt til praktisering m.m. skal takast opp att våren 2014. Det mest positive som kan seiast så langt, er at Noreg har plassert seg i eit lite mindretal. Ja, kanskje er Noreg til og med isolert i ei rolle som opponent til eit internasjonalt regelverk for eit anstendig næringsliv!

At den norske delegasjonen i tillegg stengde ute representantar frå det nasjonale kontaktpunktet, illustrerer det heile.

Stygge riper i lakken!

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv