Unio-leiaren sin replikk:

Snublestart for tillitsreforma

«En tillitsreform i offentlig sektor er et av regjeringens viktigste prosjekter. Den skal gi de ansatte tid og tillit til å yte brukerne bedre tjenester, og utformes i samspill med brukerorganisasjoner, partene i arbeidslivet og ledelsen».

Publisert: 5. januar 2022

Dette var ein av lovnadane statsminister Jonas Gahr Støre leverte då Stortinget opna etter valet i haust. Vi trur at statsministeren meiner alvor med dette. Men her som på mange område er det kva som blir gjort, meir enn det som blir sagt og skrive, som blir hugsa.

På eit høgaktuelt område har arbeidet med ei tillitsreform fått ein dårleg start. Det er ikkje tillitsbyggande når regjeringa no tvingar gjennom ei dårleg fundert karanteneordning i skular og barnehagar. Regjeringa krev at lærarane skal gå på arbeid med stor risiko for å bli smitta både av elevar, foreldre, kollegaer og andre. Samstundes skal dei vere i karantene etter arbeidstid, med sterke avgrensingar på kva dei kan gjere. Dette er mildt sagt underleg og ulogisk. Den faglege grunngjevinga verkar både tynn og uklar. Mange tilsette i skular og barnehagar er både sinte og redde.

Den politiske grunngjevinga er at skulane skal haldast opne så langt råd er. Få er usamde i det målet. Men her spelar ein hasard med ei heil yrkesgruppe. Dette kjem på toppen av at det under heile pandemien nærast har vore forventa at skulen og lærarane skal strekke seg stadig lenger for å få hjula til å gå rundt. Karanteneregimet tyder no på regjeringa er så opptatt av å vise handling, å vere hard i klypa, at ein heilt gløymer intensjonane om tillit og tillitsreform. Det er utenkeleg at dei aktuelle statsrådane ikkje har fått med seg protestane frå tusenvis av tilsette, og organisasjonane deira. Her må regjeringa snarast ta rev i segla, og finne løysingar som i større grad bygger på tillit.

Under pandemien har det gong på gong vore framheva at det er ekstra uheldig om sårbare barn og unge ikkje får gå på skulen og i barnehagen. Det er dei fleste einige i. Men kan det verkeleg stemme, slik det ved fleire høve har vore presentert i media, at meir enn ein femtedel av norske barn har det så ille heime at det er risikabelt om dei ikkje får tilgang til det «frirommet» som barnehagen og skulen er? Viss det stemmer, så står vi overfor eit samfunnsproblem som er minst like stort som pandemien!

Trass i ein uheldig start på tillitsåret 2022, er Unio sjølvsagt innstilt på å medverke til at arbeidet med ei tillitsreform blir ein suksess. Vi har fått invitasjon frå regjeringa til ein samarbeidsprosess. Unio-forbunda har svært mykje erfaring med system der tilliten ofte er svak. Altfor ofte blir det faglege skjønnet overprøvd av eit kontroll- og styringsregime som bygger på andre verdiar enn tillit. Difor har vi eit arsenal av forslag til endringar og forbetringar som i sum vil styrke den offentlege sektoren.

Leiarskapet i det offentlege må i større grad ta innover seg at vi lever og arbeider i eit kunnskapsbasert samfunn og arbeidsliv. Dei tilsette har i mange tilfelle lang utdanning og høg kompetanse som gjer dei godt rusta til å handtere eigen arbeidssituasjon utan eit rigid system med kontroll, måling og rapportering.

Tillit kan ikkje vedtakast. Tillit må opparbeidast og utviklast i samspel og dialog.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv