Mekling og uravrøysting

Tariffoppgjeret 2016 er slett ikkje over. Mange vurderingar og avklaringar står att, både i offentleg og privat sektor. I Unio er det no skarpt fokus på meklinga i statsoppgjeret.

Publisert: 18. mai 2016

Fristen nærmar seg raskt. Natt til 26. mai har vi svaret: ”løysing” eller konflikt. Rett nok, løysing har vi eventuelt først når eit anbefalt forslag er akseptert, etter uravrøysting. Unio sine forhandlarar jobbar for å finne løysing. Men staten sine feilsteg og skadelege posisjonar, både når det gjeld lønn eller pensjon, gjer meklinga svært krevjande.

Det kan verke som om staten er ”redd” for jambyrdige forhandlingar der konfliktrett og lovlege kampmiddel er sjølvsagde verkemiddel. Vi ser det i pensjonssaka, der dei for all del vil vri seg unna forhandlingar med uravrøysting og konfliktrett. Vi ser mykje av det same når det gjeld lønn og lønnssystem: Staten vil i år flytte storparten av lønnsfordelinga til lokalt nivå – der det ikkje er streikerett. På lengre sikt vil staten at all lønn skal fordelast lokalt! Det som då står att av sentrale lønnsforhandlingar er kampen om ramma. Men heller ikkje dette vil staten forhandle om, ikkje andre offentlege arbeidsgjevarar heller: Då er det resultatet frå industrien som skal vere fasiten for alle. Sjølv om ingen veit kva denne fasiten eigentleg er. Men det er ein ”god” strategi for å halde lønna i sjakk for offentleg sektor, særleg for dei med høgare utdanning.

Særleg i ein situasjon der lønnsrammediktatet er 2,4 prosent og regjeringa sin prisprognose er 2,8!

Det kan vere gode grunnar for å streike mot ”frontfagsresultatet”. Slik Fellesforbundet langt på veg gjer i den pågåande hotell- og restaurantkonflikten. Striden handlar om pengar – lønnsnivå og lønnsutvikling – og om prinsipp. Dei vil ha rett til lokale forhandlingar, som supplement til dei sentrale forhandlingane. NHO, derimot, vil i dette tilfellet berre ha sentral lønnsregulering. Stikk i strid med tradisjonell NHO-politikk.

Staten sin tradisjonelle politikk har vore balanserte forhandlingar, basert mellom anna på ein felles tariffavtale for alle hovudsamanslutningane. No har staten skifta kurs, og har inngått eigen avtale med Akademikerne. Verre er det at kursen ser ut til å vere lagt om for å svekke arbeidstakarsida. Eit system med berre lokale forhandlingar utan konfliktrett er eit tydeleg teikn. Det står om småpengar i år, men om store prinsipp og om betydelege pengesummar for framtida.

I forhandlingane med KS, Oslo kommune og i store delar av Spekter kom Unio og forbunda fram til akseptable resultat. Tilrådinga er å stemme JA til dei anbefalte resultata – enten gjennom uravrøysting eller annan organisasjonsmessig behandling.

Mange ventar spente på utfallet, ikkje minst av den pågåande meklinga i statsoppgjeret.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv