Unio-leiaren sin replikk:

Solidaritet med Ukraina

Vi fordømmer den russiske invasjonen av Ukraina. Ei samla fagrørsle – globalt og i Europa – står saman i solidaritet for Ukraina.

Publisert: 15. mars 2022

Russland sin aggresjon vil påføre folk i både Ukraina og Russland skade og lidingar i mange, mange år framover. Tryggleik og oppvekst er erstatta av frykt og flukt. Kvardagsliv er blitt til unntaksliv. Krigen er ei humanitær katastrofe.

Det er skremmande, og nesten ikkje til å tru at det no er full krig i Europa. Dette er eit alvorleg åtak på demokratiske rettar, først og fremst i Ukraina. Men krigen trugar også demokrati og fredeleg sameksistens internasjonalt.

Putins angrepskrig rammar vanlege folk. Sivile blir skade og drepne. Verken barnhagar, skular eller sjukehus går fri. Dette er brot på folkeretten. Det er sjokkerande angrep på humanitær rett. Propaganda og faktaresistens øydelegg individ og samfunn.

Kunnskap og frie ytringar blir ramma. Nettopp difor er kunnskap og ytringsfridom viktigare enn nokon gong. Utdanning, kunnskap og helse er alltid viktig. I krisetider er dette i endå større grad livsviktig medisin. Barn og unge i Ukraina og barn og unge som flyktar må sikrast utdanning. Det er grunnlaget for fornya framtidstru! Noreg og andre land må gjere alt for å ta imot flyktningar, og gi dei trygt og verdig opphald.

Unio, YS og LO er ein del av ei sterk og global fagrørsle. Solidaritet er grunnmuren vår. Tillit er reiskapen vår. Solidaritet, tillit og respekt skal prege våre møte med flyktningar som kjem eller har kome til Norge.

Vi skal gjere vårt for at dei får ei god mottaking og så gode liv som råd er her til lands. Vi skal gjere vårt for at dei får skule og studieplass. Vi skal gjere vårt for at dei får barnehageplass. Vi skal gjere vårt for at dei får helsehjelp. Og sjølvsagt trengst det jobbar å gå til og heimar å bu i!

Krigen vil prege folk og samfunn i tida som kjem. Vi skal vere medmenneske. Folk er folk, same kvar dei kjem i frå. Det ukrainske folket fortener all vår støtte

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv