Unio-leiaren sin replikk:

Kunnskap i front

Offentleg sektor skal ikkje vere lønnsleiande, ropar politikarar i kor. Frå ulike leiarar. Dei treng ikkje uroe seg. Det er langt dit. Lønnsgapet til industrien, særleg for utdanningsgruppene, er stort. Industrien er i front.

Publisert: 22. april 2015

Likevel er moderasjonsbodskapen, særleg overfor offentleg sektor, stabil og nærast uavhengig av konjunkturarar: Når det er gode tider, må ein halde igjen. Det er nemleg ikkje godt å vite kor lenge dei gode tidene varer. Og i dårlegare tider er det i alle fall opplagt at offentleg sektor må vere moderat. Av omsyn til konkurranseevna, og arbeidsplassar i industrien.

For tida er det mørke skyer over økonomien og arbeidsmarknaden. Oljeprisfallet skaper både arbeidsløyse og pessimisme. Lønnsveksten i industrien flatar ut.

– Vi har berga mange arbeidsplassar, sa LO-sjefen og NHO-sjefen i kor etter at dei leverte første runde i industriforhandlingane. Det står att å sjå. Eit resultat på 2,7 gir berre så vidt reallønnsvekst.

Resultatet vil også prege forhandlingane i andre tariffområde. Det er i tråd med den norske forhandlingsmodellen. I ein slik situasjon ville det vere risikabelt for Unio å overspenne bogen. Ein ny streik, som kan ende opp med ein mager dom i rikslønnsnemnda, ville ha lite for seg.

Likevel, det hadde vore lettare for tilsette i det offentlege å leve med dette viss bodskapen og praksis var mindre monoton, mindre føreseieleg: Aldri lønnsleiande, men alltid prega av situasjonen i industrien.

Terrenget er nemleg ulikt akkurat no. For tida er det mindre behov for arbeidskraft i delar av næringslivet. Men det er aukande behov for kunnskap og kompetanse i det offentlege.

Men no i april og mai snakkar både arbeidsgjevarar og politikarar lite om slikt. Det er tariffoppgjer. Då taper både rekruttering og kvalitet.

Men når den perioden er over, får vi nok på nytt høyre om satsing og rekrutteringsstrategiar. Og om kompetente medarbeidarar som trengst for å sikre kvaliteten.

SSB-prognosar tyder på ein trugande mangel mellom anna på lærarar og helsearbeidarar fram mot 2030. Desse skal utdannast før dei kjem i arbeid. Og det er ikkje akkurat flust med ledige ressursar og frigjort kompetanse i høgre utdanning!

Lønns- og inntektspolitikken skal medverke til å sikre norsk konkurranseevne. Sikre velferd og gode tenester.

Difor: Kunnskap i front må vere overskrifta for hovudoppgjeret i 2016!

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv