Unio-leiaren sin replikk:

Stopp det innsnevra frontfaget

NHO-sjef Ole Erik Almlid hyllar frontfaget. Med sine krav om reallønnsnedgang for lønnstakarar flest og angrep på utdanningsgruppene i offentleg sektor er han samtidig frontfaget sin største fiende. Enten må frontfaget praktiserast i tråd med intensjonane, eller så må det settast i gang eit arbeid for å utvikle ein endra og forbetra modell for lønnsdanning her til lands. Noverande praksis med eit innsnevra frontfag går ikkje lenger. Nok er nok.

Publisert: 26. mars 2021

Frontfagmodellen blei etabler under heilt andre vilkår enn i dag. Då utgjorde industrien ein langt større del av dei sysselsette. Knapt 10 prosent av arbeidsstyrken arbeider i den konkurranseutsette industrien. Framleis er industrien svært viktig for norsk økonomi og samfunnsliv. Men det er likevel grenser for kor sterkt og kor lenge ein så liten del av arbeidsstyrken kan bestemme over lønna for alle andre. At NHO og LO vernar om dette systemet er til å forstå. For begge er dagens modell ein maktbase. Lenge prøvde dei iherdig å halde andre organisasjonar utanfor både TBU og Kontaktutvalet, men måtte gi seg.

For Unio var lenge det «utvida» frontfaget ei kampsak. Og funksjonærane si lønn måtte med når industrilønna skulle bereknast. I prinsippet vann vi fram med det. Både Holden II og III slo fast at slik skulle det vere. Gjennom Holden III fekk NHO i samråd med LO i oppdrag å kome med eit «troverdig» anslag for industrien, medrekna funksjonærane. Det har dei gjort. Somme gonger har dei treft bra, andre gonger dårleg. For 2020 bomme dei grovt, eller så ga dei blaffen i eigne prognosar. Det viktigaste var tydelegvis å halde offentleg sektor i sjakk.

Og her er vi ved eitt av problema. Lønnsanslaget har stadig blitt brukt som eit øvre tak for lønnsvekst i andre område. Dermed blir den fleksibiliteten som ligg i sjølve modellen borte vekk. Ein sjeldan gong har lønnsveksten i deler av det offentlege passert veksten i industrien. Då har frontfagsvaktarane i industrien ropt om skandale og ansvarsløyse. Dette viser at dei ikkje vil ha fleksibiliteten som ligg i modellen. Dette må presse fram ny praksis eller ein annan modell.

Men feilen ligg ikkje berre hos NHO og LO. Arbeidsgjevarsida i offentleg sektor bruker det innsnevra frontfaget til å halde lønna hos eigne tilsette nede. Det gir seg utslag både på den årlege lønnsutviklinga, men ikkje minst på lønnsnivået. Dette er sjølvsagt uakseptabelt for dei tilsette. Men det rammar også folk flest, som treng dei tenestene offentleg sektor skal gi. Det får dei ikkje når det manglar kompetent arbeidskraft, lønnsgapet mellom industrifunksjonærar og statstilsette er 160 000 kroner, og for tilsette i undervisningssektoren er gapet over 200 000 kroner. I snitt tener ein industritilsett 100 000 meir enn ein som er tilsett i kommunane!

Dette går ikkje lenger. Den norske konkurranseevna er ikkje så dårleg at ho kollapsar av at utdanningsgruppene i offentleg sektor får ei anstendig lønn. Dette tariffoppgjeret løyser ikkje alt. Men det må vise ein ny kurs – vekk frå det innsnevra frontfaget!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv