Unio-leiaren sin replikk:
Pensjonsfest og solidaritet
I VG 3. 2. skriv Erik Lundesgaard om det han kallar “pensjonsfest for de få”. Han anklagar dei som nyleg har blitt eller snart skal bli pensjonistar for å grafse til seg “superpensjonar”. Særleg grådige er visst tilsette i offentleg sektor.
Publisert: 14. februar 2013
Alt er relativt. For ein sjukepleiar eller ein førskulelærar som midt i 60-åra avsluttar yrkeslivet, blir superpensjonen noko over 300 000 kroner i året. Vel og merke viss tenestetida er minimum 30 år. Det er brukbart. Men å omtale det som “pensjonsfest” og antyde at dette er usolidarisk, høyrer med til dei meir bisarre innslaga i pensjonsdebatten.
Dessutan vil også desse pensjonistane merke innstramminga frå levealdersjusteringa. Den kjem for alle. Kollegaer av desse, fødde til dømes i 1972, vil måtte arbeide om lag to år lenger enn dagens pensjonistar for å nå “gullpensjonen”, 66 prosent av sluttlønna.
Lundesgaard sin solidariske pensjon er minstepensjon til alle. Og så skal kvar enkelt syte for seg sjølv. Særleg solidarisk verkar det ikkje. Og ungdom flest vil nok raskt oppdage at det Lundesgaard vil ha er reine pensjonsfella.