Unio-leiaren sin replikk:

Tariff og taktikk

To tal i overskrifta: det første er eitt av Unio-krava til KS i årets tariffoppgjer. Det andre er gjennomsnittslønna her til lands.

Publisert: 30. april 2012

Fleire av tariffoppgjera i privat sektor er i hamn. Dei fleste, men ikkje alle, har gått vegen om riksmeklaren. Så er det opp til medlemmene å vurdere gjennom uravrøysting.

Resultata i frontfaga er betre enn mange spådde. Ramma passerer firetalet. Enkelte kommentatorar og arbeidsgjevarar prøver no hektisk å legge eit ekstra moderasjonspress på offentleg sektor.

Frontfaga gir ein peikepinn men er ikkje fasiten. Dei som hevdar noko anna, tar i praksis til orde for å avgrense forhandlingsretten. Det skal forhandlast også i offentleg sektor. Eg reknar med at den raudgrøne regjeringa slår ring om det prinsippet. Og at det også gjeld staten som arbeidsgjevar. Og likeeins at andre arbeidsgjevarar ser at offentleg sektor ikkje kan bli hengande etter i lønnsutvikling.

Det er grunn til å merke seg at Handel og Kontor la vekt på å kome fram til eit forhandlingsresultat. Med ei ramme på mellom 4 ½ og 5 prosent ifølgje forbundsleiar Sture Arntzen. Hans taktikk var å unngå «kopimaskina» hos riksmeklaren. For der blir det køyrt «en knallhard line på 1,25 kroner i generelt tillegg», var hans lakoniske kommentar. Ei klar melding, som eg vil tru riksmeklaren merkar seg.

Også med tanke på eventuelle komande meklingar. Kopimaskina må ikkje stå i vegen for løysingar.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv