Unio-leiaren sin replikk:
Meir – ikkje mindre forsking
Det røyner på for Kunnskaps-Noreg. Vil vi klare å vere i forskingsfronten samstundes med at stadig fleire studentar skal utdannast ved høgskular og universitet?
Publisert: 15. november 2010
Skal vi lukkast trengst meir, ikkje mindre forsking ved landets høgskular og universitet. Det er derfor med uro eg har lese oppslaga i Aftenposten dei siste dagane der vi på nytt får dokumentert manglande forskingstid for dei tilsette. Høge studenttal krev ressursar til undervisning. Men skal utdanningane halde nødvendig kvalitet, må ein samstundes sikre sterke forskingsbaserte fagmiljø. Fleire rapportar om profesjonsutdanningane syner at forskings- og utviklingsarbeidet står for svakt innanfor mange fagområde og på fleire institusjonar. Det blir ikkje produsert tilstrekkelig kunnskap om dei yrkesutfordringane profesjonsutdanningane skal kvalifisere til. Forskingsbasert undervisning er eit krav innanfor høgre utdanning i Noreg. To viktige føresetnader må då være på plass. For det første at dei som underviser i har forskarkompetanse. For det andre at dei får tid til å forske.
Unio har ved fleire høve fremma forslag om at det må etablerast eit program for kompetanseheving for dei vitskapleg tilsette innanfor mellomlange profesjonsutdanningar, som til dømes sjukepleie og andre profesjonsutdanningar. I tråd med tilrådingane frå Stjernø-utvalet har vi foreslått at det blir avsett minst 50 millionar kroner årleg over 5 år til ein målretta satsing på eit kompetanseløft for tilsette i desse utdanningane. Slik kan både forskingskvaliteten og studiekvaliteten aukast. Men skal utdanningsinstitusjonane bli attraktive arbeidsplassar som rekrutterer og held på dei beste forskarane, må dei tilsette får reell forskingstid.
Men kven skal avgjere? I alle fall er det fleire som har ansvar for å legge til rette for forskingstid. Institusjonane har ansvar, kunnskapsdepartementet og statsråden har ansvar, forskingsrådet har ansvar og vi som arbeider på vegne av medlemmer og tilsette har også ansvar. Med så mange aktørar som alle vil ha kvalitet – både i utdanninga og i forskinga – burde vel Noreg ligge godt an?
Men eitt spørsmål heng stadig vekk i lufta: er det pågåande universitetsjaget fornuftig strategi for å løfte kunnskapen? Kanskje burde det ligge meir prestisje i å vere ein god høgskule enn absolutt å skulle kalle seg universitet.