Unio-leiaren sin replikk:

La fagskulane drive yrkesfagleg utdanning

Fagskulane har lenge spelt ei viktig rolle når det gjeld yrkesfagleg utdanning her til lands. I framtida vil denne rolla bli endå viktigare. No går om lag 30 000 elevar i fagskulane. Variasjonen i fagleg innhald og profil er stor, frå nokre vekers kurs til toårige utdanningar. Somme vil konvertere dette viktige utdanningstilbodet til høgare akademisk utdanning. Det er ein blindveg.

Publisert: 6. november 2023

Det er all grunn til å undre seg over at enkelte talspersonar for fagskulane meiner at status for yrkesfaglege utdanningar ligg i å overta akademiske kriterium, grader og omgrep. Vi har i årevis sett noko liknande i debatten om studiekompetanse.

Fagskulane blir omtalte som høgare utdanning, formelt som høgare yrkesfagleg utdanning. Dei gir ikkje lenger fagskulepoeng, men studiepoeng. Akademisk terminologi gir visst høgare status enn yrkesfagleg terminologi, meiner tydelegvis forkjemparane for ei slik endring.

Denne nytalen er forvirrande for mange som trur at poenga dei får gjennom fagskuleutdanninga gir bachelorgrad. Slik er det ikkje. Fagskulane på den eine sida og høgskular og universitet på den andre sida er to heilt ulike kvalifikasjonsnivå i utdanningssystemet. Denne forvirringa blir forsterka av at det til tider kjem forslag om at fagskulepoenga skal føre til både sjukepleiarkompetanse og kompetanse som barnehagelærar. Dette er å kaste blår i auga på både unge og vaksne som ønsker seg meir utdanning og kompetanse.

Det er og skal vere ein skilnad på fagskuleutdanning og høgare utdanning som er forskingsbasert. Både sjukepleiarutdanninga, barnehagelærarutdanninga og andre utdanningar med bachelorgrad som minstenivå er forskingsbaserte og praksisretta.

For å klargjere og styrke fagskulane si rolle må ein legge vekk forsøka på å innføre akademisk terminologi. Vi må få tydelegare fram kva for kompetanse dei ulike fagskulane gir, både av omsyn til dei utdanningssøkande og arbeidsgjevarar. Her har både NOKUT og andre ei viktig oppgåve. Høgare utdanning – høgskular og universitet – må framleis i all hovudsak vere ei statleg oppgåve, ikkje ei fylkeskommunal eller ei privat oppgåve.

Gjennom endringar i lov om universitets- og høgskuleloven (UH-loven) må det etablerast eit tydeleg forbod mot feilbruk og misbruk av gradstitlar, slik regjeringa har foreslått.

Det er over 50 fagskular i Noreg. Godt over halvparten er private, somme er store, andre har berre eit fåtal elevar. Dei fylkeskommunale skulane er oftast større og har fleire fagtilbod. Difor spelar dei offentlege fagskulane ei svært viktig rolle i det fylkeskommunale utdanningstilbodet. Gjennom felles fylkeskommunalt eigarskap ligg det godt til rette for eit dynamisk samspel mellom vidaregåande skular og fagskular. Koplinga mellom vidaregåande og fagskulane gir også eit godt grunnlag for samarbeid mellom utdanningssystemet og lokalt og regionalt næringsliv. Dette er viktig også med tanke på at fylkeskommunane skal spele ei sentral rolle som regional utviklingsaktør. Dette interne samspelet er langt viktigare enn at fylkeskommunane skal drive høgare utdanning.

I staden må fylkeskommunane utvide og forsterke fagskulane som viktige yrkesfaglege utdanningar.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv