Unio-leiaren sin replikk:
Pengjar, ikkje politikk
Sentralbanksjefens årstale er ingen flammande appell. Tvert imot – det er tre kvarter med nøkterne analysar og tilrådingar. Gjerne krydra med bildebruk frå historia, av og til symboltunge anekdotar.
Publisert: 17. februar 2014
Men denne gongen kom banksjefen med ein klar appell: Oljefondet skal brukast med eitt formål – å tene mest mogeleg pengar, meinte Øystein Olsen. Å bruke fondet til å nå (andre) politiske mål er feil, og tilslører det primære målet.
Her kan det verke som om banksjefen prøver å skape eit skilje mellom avkasting og politikk, mellom pengar og politikk. Nærare kjem ikkje sentralbanksjefen å opptre som politikar! Oljefondet er ein politisk konstruksjon, og eit viktig formål er å tene pengar. Men pengar har alltid ei politisk side. Sjølvsagt.
Somme likte nok den klare meldinga. Men rundt middagsborda på Grand var det heller ikkje vanskeleg å fange opp motførestillingar. Naturleg nok. Og det er Representantskapet, ei politisk oppnemnd forsamling, som inviterer til møte og middag.
For ikkje lenge sidan fekk Noreg ei OECD-ripe i lakken. Oljefondet prøvde å vri seg unna delar av internasjonale retningsliner for “god forretningsskikk”. Det vekte oppsikt at slike haldningar kom frå Noreg. Det var slett ikkje bra. Saka blei stilt i bero, som det heiter, når nokon treng tid til å revurdere eigen posisjon.
Men også i det tilfellet blei det tydeleg: pengar – offentlege pengar – er politikk.