Unio-leiaren sin replikk:

Tillit er ferskvare

Den siste tida har regjeringa blitt skulda for å svekke den politiske tilliten gjennom fleire brot på habilitetsreglane. Det er tydeleg at kontrollen ikkje har vore god nok, heller ikkje sjølvkontrollen. Dette er ekstra ille for ei regjering som har flagga tillitsreform som ei fanesak.

Publisert: 7. august 2023

Tidlegare har vi hatt saker der både Stortinget som institusjon og somme stortingspolitikarar i liten grad har vist seg tilliten verdig. I somme tilfelle har regelbrot hamna i rettssystemet.

Det har rett og slett vore for mange hendingar som har rokka ved tilliten til politikarar og det politiske systemet. Det var heller ikkje tillitsskapande då den førre regjeringa utnemnde ein av statsrådane til fiskeridirektør. Den fremste kvalifikasjonen var at vedkomande var politikar på høgt nivå. Det var ikkje ulovleg, men i strid med hundreårig praksis.

Tillit er rekna som ein kjerneverdi i det norske samfunnet. Men tillit kjem ikkje av seg sjølv. Det er ferskvare. Det veit ikkje minst vi som er tillitsvalde i fagrørsla.

Ein kan verkeleg undre seg over at erfarne politikarar og statsrådar bommar så grovt på habilitetsreglane. Dei er i tillegg omgitt av ein hærskare av rådgjevarar, og ikkje minst av eit embetsverk. Likevel har vi sett uheldige døme på at statsrådar sjølve «veit best». Å ha makt kan slik sett vere eit risikoprosjekt.

Kanskje handlar dette også om at embetsverket dei siste ti-åra har gått frå å vere nettopp embetsverk til å bli sekretariat for statsråden. Jusprofessor Eirik Holmøy er inne på dette når han i Dag og Tid (4.8.) slår fast at om embetsverket må velje mellom lojalitet til statsråden eller mot lova, skal embetsverket velje lova. Han vil ha ein havarikommisjon for å «totalrenovere regelverket og kontrollrutinane for regjeringa». Dette er sterk og klar tale. Truleg er dette også synspunkt kontrollkomiteen på stortinget kan ha nytta av i sin gjennomgang. Ein gjennomgang som forhåpentlegvis kan styrke tilliten til det politiske systemet.

Tillit og tilgjeving er ofte to sider av same sak. Heldigvis har folk flest evne til å tilgi politiske feilsteg, Særleg gjeld det når politikarar ber om tilgjeving, eller legg seg flate, som pressa likar å kalle det.

Vi går no inn i ein valkamp der tusenvis av lokal- og regionpolitikarar ber om tillit til å gjere ein jobb for innbyggarane. Det er fantastisk at så mange er villige til å bruke eiga tid og eigne ressursar til å vere tillitsvalde for oss alle. Dette er ein enorm samfunnsverdi og burde vere tillitsbyggande på alle måtar.

Difor er det både opprørande og deprimerande å sjå all den hets og negativ omtale som råkar alt for mange i lokalpolitikken. Særleg utsette for sjikane er unge politikarar og kvinner. Somme utsegner på sosiale medium er direkte sjokkarande – og skadelege. Folkeskikken taper, og denne forma for politisk «deltaking» er nok minst like skadeleg for demokrati og tillit som feilskjær frå sentrale politikarar.

Vi bør heie på dei som stiller til val – og som dermed stiller seg lagleg til for hogg.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv