Unio-leiaren sin replikk:

Til sjøs utan norske sjøfolk?

Regjeringa har nyleg lagt fram ein ny maritim strategi. Målet er sikre og vidareutvikle sjøfarten og heile den maritime næringa. Det handlar om økonomi og arbeidsplassar, men også om å bygge vidare på ein stolt norsk tradisjon.

Publisert: 1. juni 2015

Næringa har i ei årrekkje levd med sterk internasjonal konkurranse. Skip er flagga ut, og det har blitt færre og færre norske sjøfolk både på fjerne og nære hav, sjølv med ordningar som NIS og NOR.

Det finst fleire positive tiltak i meldinga. Ikkje minst er det positivt og nødvendig å satse sterkare på at den maritime næringa skal gå i front for grøn satsing, bygd på kunnskapsutvikling og teknologi.

Det er også bra at det blir sett iverk tiltak, mellom anna justering av nettolønsordninga, som fører til at somme reiarlag allereie har varsla at dei vil flagge skip heim.

Difor er det uforståeleg – beint fram uforsvarleg – at ikkje regjeringa tar større ansvar for å sikre at norske sjøfolk i større grad bemannar norske skip i norsk farvatn. Dette trengst for å oppretretthalde og vidareutvikle fagmiljøa som kan gjere det attraktivt for norsk ungdom å satse på ei karriere til sjøs.

I tillegg handlar dette sjølvsagt om arbeidsplassar. Samspelet mellom dei maritime fagmiljøa – både til og til lands – er avgjerande for den grøne veksten. Og avgjerande for levedyktige kystmiljø, ikkje minst når oljenæringa flatar ut.

Enkelte av forslaga vil truleg auke konkurransen mellom kystfarten og fiskeriflåten. Begge næringane er vande til konkurranse, og til å handtere oppturar og nedturar. Men begge næringane treng kompetent norsk arbeidskraft, og mest muleg føreseielege konkurransevilkår.

Reiarlaga og Rederiforbundet verkar ganske tilfredse med regjeringa sin strategi. Men tenkjer dei meir på inntening her og no enn på langsiktig verdiskaping?

Vi ser i alle fall ein del kommentarar, både frå næringshald og frå media, som nærast legg til grunn at reiarlaga ikkje har råd til å halde seg med norske sjøfolk. Dei er for dyre. Difor må utlendingar på dårlegare vilkår sleppe til. Dette er defensivt og det er risikabelt. Det finst nok av næringar som har tapt rennomme og kompetanse gjennom den strategien.

Det er ikkje opplagt kva for tiltak som best sikrar både konkurranseevna og norske sjøfolk med norsk vilkår om bord i norsk farvatn. Men å lansere ein maritim startegi som behandlar dette så lettvint som regjeringa gjer, er lite framtidsretta.

Viss regjeringa vil styrke den maritime næringa, må det visast større vilje til også å sikre norske sjøfolkom bord.

Utan norske sjøfolk stoppar Noreg som sjøfafartsnasjon.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv