Unio-leiaren sin replikk:
Flest avtalar, men også streik
Det blei spådd at årets tariffoppgjer skulle bli tøft og krevjande. Det har slått til, både i og utanfor Unio. Og det er ikkje over. Utdanningsforbundet er i streik mot KS. Det er ein alvorleg situasjon når ei av dei største yrkesgruppene endar i konflikt – endå ein gong.
Publisert: 28. juni 2022
Heldigvis har dei fleste Unio-forbunda slutta avtale. I staten blei det også ny avtale, og medlemmene har med stort fleirtal sagt ja i uravrøysting. Den nye avtalen legg stort ansvar på lokale tillitsvalde når storparten av lønnsvikåra skal forhandlast direkte med arbeidsgjevaren. Mange er spente, og somme kritiske. Men knapt nokon var fornøgde med resultatata i det «gamle» systemet.
Om lag 40 medlemmer i Utdanningsforbundet starta sommaren med å gå til streik. Det er varsla opptrapping i august!
Det er nesten 20 år sidan forhandlingsansvaret for lærarane blei overført frå staten til kommunesektoren. Somme av oss hugsar godt dei feite lovnadane og forsikringane frå KS både før og etter overføringa. Lærarane skulle bli fornøgde både med lønna og andre forhold. Eg lurer verkeleg på kva tidlegare KS-leiarar, som leverte store ord, tenker om måten KS etter kvart har manøvrert på overfor lærarane. Lønnsveksten har vore dårlegare enn for dei fleste andre grupper. Eg siterer frå ei masteroppgåve: «Så langt ser ikke denne overføringen ut til å ha sikret lærergruppene en reallønnsvekst på linje med de andre næringene i arbeidsmarkedet». Thomas Aanensen har undersøkt lønnsutviklinga for lærargruppene fram til 2007. Det har ikkje blitt betre etter det. Tvert imot.
Aanensen avsluttar masteroppgåva si frå 2009 slik: «Bekymring for fall i utdanningskvaliteten kan få KS til å prioritere lærergruppene i de kommende årene. (…) Gode oppgjør for lærergruppene krever derfor at KS har en langsiktig strategi for å tiltrekke seg gode lærere.» No kjenner vi fasiten. KS har svikta, og kjenner i liten grad ansvar for skulesektoren. Lærarutdanning er visst heller ikkje så viktig for å drive undervisning, skal ein tru utsegner frå KS-hald! Kan nasjonale politikarar som lovar satsing på kvalitet i skulen leve med denne haldninga?
Argumentasjonen frå KS er påfallande. «Lærarane, særleg lektorane, er blant dei høgast lønte i kommunesektoren», blir det sagt. Ja, men så har dei også den lengste utanninga! Eit anna argument er økonomien, og at KS ikkje kan sprenge frontfagsresultatet. Då må vi minne KS på at det ikkje er lenge sidan at kommunale leiarar gjekk langt utover frontfaget. Det var «nødvendig» var forklaringa frå KS den gongen!
KS tar ikkje det nødvendige ansvaret for skulesektoren. Vil kommunane finne seg i dette stort lenger. Kan verkeleg fylkeskommunane, spesielt, leve med at dei tilsette i den klart største sektoren i fylkeskommunane år etter år taper både når det gjeld lønnsnivå og lønnsutvikling? Kva ville fylkeskommunane vere utan dei vidaregåande skulane?
Masterskribenten etterlyste ein langsiktig strategi frå KS for å «tiltrekke seg gode lærere», altså høgt utdanna og godt kvalifserte lærarar. Det er tydleg at KS ikkje har ein slik strategi. KS og kommunesektoren får difor som fortent. Utdanningsforbundet og lærarane går til streik! Lukke til!
Dessutan ønskjer eg god sommar til alle medlemmer og tillitsvalde i alle Unio-forbunda!