Unio-leiaren sin replikk:
Krise på krise
Norsk økonomi går så det susar. Det er skapt mange jobbar den siste tida. Arbeidsløysa er rekordlåg. Likevel er vi omgitt av krise på krise. Det blir ropt på politiske løysingar. Paradokset er at politikarane på mange område har gitt frå seg både styring og verkemiddel.
Publisert: 15. august 2022
Straumkrisa er alvorleg for mange, både for hushaldningar og bedrifter. Støtteordningane for private er etter kvart blitt bra. Men prisane galopperer vidare. Mange bedrifter, særleg små og mellomstore, slit tungt. Somme vil at marknaden skal «fungere». Dei kan berre sette opp prisen på varer og tenester, blir det sagt. Dette held ikkje for alle. Avtalefysioterapeutar er blant dei som ikkje kan auke prisen.
Straumkrisa viser at marknaden ikkje fungerer. Og marknaden kan i alle fall ikkje overprøve vår herre, og produsere meir regn. Difor trengst ordningar som er rettferdige og selektive, og som ikkje kan misbrukast. Regjeringa bør vere restriktiv når det gjeld straumstøtte til bedrifter.
Prissystemet for straum er så komplisert at folk fles har mista oversikta. Ekspertar gir bastante og sprikande råd. Desse «kraftkarane» kan ein ikkje alltid feste lit til. Politikarane slit i alle fall med å finne løysingar, både på kort og lang sikt. Det må vere ille for regjeringspartia, som har gjort kampen mot skilnader til ei fanesak, å sjå dei enorme skilnadene mellom landsdelar når det gjeld prisen på straum.
Så har vi rentekrisa. Mange fryktar med god grunn at kvardagen blir tyngre når renta no er på veg opp. Vi har lett for å gløyme at renta har vore rekordlåg, unormalt låg. Og somme av oss har kanskje nesten gløymt at både studielånsrenta og bustadrenta var over 15 prosent for 30 år sidan. Det har lenge vore varsla at renta vil stige. Men det er viktig at Noregs Bank ikkje blir overivrig. Banksjefen pleier å snakke om moderasjon i talane sine. Det må også gjelde banken sjølv.
Ei minst like aktuell krise er krigen i Ukraina. Krigen har alvorlege verknader på energisituasjonen både i Europa og Noreg. Men verknadene er langt meir alvorlege for dei som direkte blir ramma av Putins aggresjon. Vi må ikkje bli så straumopptekne at solidariteten med Ukraina blir svekt.
Krigen i Ukraina får ein god del av skulda for priskrisa. Det har vore ein formidabel prisvekst så langt i år. Både Noregs Bank, SSB og TBU har bomma grovt. Igjen ser vi at det er vanskeleg å spå. Reallønnsveksten mange håpa på i år, slår ikkje til!
Klimakrisa omgir det heile. Vi ser ein tendens til at klima og energi konkurrerer om både folkeleg og politisk merksemd. Det er skummelt om klimamåla blir pressa til sides.
På toppen av dette har vi fastlegekrise. I tillegg manglar det sjukepleiarar og jordmødrer. I skulesektoren er det også krise – så stor at lærarar og lektorar er i streik. Streiken vitnar dessutan om ei tillitskrise.
I desse dagar strøymer folk til Arendal og Arendalsveka. Unio og forbunda er tydleg til stades. Mange tema står på dagordenen. Det blir mange krisedebattar.