Unio-leiaren sin replikk:

Velkjende angrep på sjukelønna

Eg har venta på det. Angrepa på sjukelønnsordninga kjem med jamne mellomrom. No er det i gang att. I praksis er dette angrep på hardt belasta yrkesgrupper. Det er godt dokumentert at yrkesgrupper med såkalla «relasjonelle» oppgåver, altså arbeid med og for folk, har betydeleg risiko for redusert arbeidshelse og dermed større sjukefråvær enn mange andre. Dette rammar i særleg grad dei som arbeider innan helse og utdanning.

Publisert: 6. august 2024

Angrepa kjem først og fremst frå delar av næringslivet og frå såkalla liberale politiske miljø. Typisk i så måte er eit innlegg i Dagens Næringsliv frå rådgjevar i tankesmia Civita, Skjalg Stokke Hougen. Den «enkle» løysinga er som vanleg å kutte ytingane i sjukelønna, gjerne til 80 prosent av lønna. Eg kan ikkje sjå at det blir levert eit einaste argument for at dette vil gjere arbeidsfolk friskare. Heller ikkje at arbeidsbelastningane blir mindre eller arbeidsmiljøet betre. Det er lite som tyder på at Civita-rådgjevaren har særleg mykje erfaring frå eller innsikt i arbeidssituasjonen for folk flest, og slett ikkje for yrkesgrupper med høgt sjukefråvær. Men innlegget er gjennomsyra av tru på at friske folk ofte melder seg sjuke og snyltar på fellesskapen. Han er diverre ikkje åleine om denne haldninga.

Det er eit paradoks at nettopp dei yrkesgruppene som vil bli ramma hardast av kutt i sjukelønna er dei det i utgangspunktet er størst mangel på. Men for dei som stadig snakkar om at offentleg sektor svulmar ut og er for stor, er det kanskje «fint» at det manglar personell i helsesektoren og i utdanningssektoren. For folk flest, derimot, vil dette vere både skadeleg og meiningslaust.

Pengar har ein tendens til å verke – på den eine eller andre måten. Det ser vi mellom anna på næringslivet si stadige jakt på offentlege støtteordningar og subsidiar. Under korona-tida gjekk dette heilt bananas, og denne smitten ser ut til å ha overlevd. Somme vil altså gjerne ha tak i offentlege pengar, og klagar samstundes over høg offentleg pengebruk.

Det kan sjølvsagt hende at ei «sjukeavgift» kunne redusere noko av sjukefråværet, i alle fall på det korte sjukefråværet og på kort sikt. Men kva for kostnader som vil tyte ut i den andre enden er høgst usikkert. Særleg med tanke på langtidsfråværet.

Det blir ofte vist til at Noreg har høgare sjukefråvær enn dei fleste andre OECD-landa, også høgare enn Sverige og Danmark. Isolert sett kan det stemme. Men berre å vise til sjukelønnsordninga gir ikkje eit fullstendig bilde. I somme andre land slår andre ytingar inn, og påverkar statistikken.

Unio, saman med dei andre partane i arbeidslivet, er sjølvsagt einig i at dårleg arbeidshelse og høgt sjukefråvær er eit problem. Det er både eit samfunnsproblem og ei ulempe for mange enkeltpersonar. IA-avtalen, som vi har hatt heilt sidan 2001, har vore nyttig, men ikkje verka godt nok. Snart skal avtalen reforhandlast.

Unio var ein del av fleirtalet i «sysselsettingsutvalet» som gjekk inn for at arbeidsgjevar skal ta noko meir av kostnaden ved langtidssjukefråvær. LO var imot, men har visst nok no snudd. Dette tiltaket åleine er ikkje nok.

I tillegg må det satsast ekstra på forbetringar i arbeidsmiljøet på dei ulike arbeidsplassane. Tiltak retta mot det psyko-sosiale arbeidsmiljøet må prioriterast langt kraftigare enn det har vore vilje til så langt. Her må både arbeidsgjevarar, styresmakter og arbeidsmiljøinstansar ta eit tydelegare ansvar. Og sjølvsagt gjeld det også arbeidstakarsida.

Og i den vidare debatten må det leggast til grunn at arbeidstakarar flest ønsker å vere friske, ikkje sjuke.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv