Unio-leiaren sin replikk:

Staten skaper kaos i staten

Tariffoppgjeret i staten har havarert. Ansvaret for det ligg heilt og fullt hos staten og regjeringa. I staden for å forhandle har dei kontinuerleg stilt eit ultimatum: ein felles tariffavtale for alle. Etter at tre av fire hovudsamslutningar no har avvist regjeringa sitt opplegg, er det skapt ein kaotisk situasjon.

Publisert: 25. juni 2024

I og med at LO Stat sine medlemmer forkasta «meklingsresultatet», skal no Rikslønnsnemnda fastsette tariffavtalen for tre av fire hovudsamanslutningar. Om lag 80 prosent av dei fagorganiserte i staten har sagt «nei». Unio og Akademikerne streika, men blei stoppa av regjeringa gjennom lønnsnemnd. LO Stat bad om frivillig lønnsnemnd.

No er det stor uvisse om både prosess og resultat. I utgangspunktet er det snakk om tre nemnder, som i prinsippet kan gi tre ulike utfall. Spekulasjonane er mange. Rikslønnsnemnda avgjer. Dei fleste ser at det er heilt meiningslaust at leiaren i LO Stat skal delta i alle tre nemndene! Han er kort og godt inhabil. Dette er som å plassere fotballtrenaren for heimelaget i VAR-rommet. Stortingsfleirtalet på tribunen ville ikkje gjere endringar i samansettinga av rikslønnsnemnda under ein pågåande prosess.

Likevel har fleire politikarar peika på det urimelege i at LO og NHO har fast plass i nemnda, sjølv om dei ikkje er partar. Det same har Spekter-direktør Anne Kari Bratten gjort – i endå tydelegare ordelag.

Under vegs i statsoppgjeret har det blitt overtydeleg at regjeringa og LO har gått i takt. Kven av dei som har hatt hovudregien skal vere usagt. Det var nærast komisk å registrere kor samkøyrde statsråden og LO-leiaren var då dei under ein debatt i Dagsnytt 18 gjekk til frontalangrep på Unio og forhandlingsleiar Guro Lind i Unio stat.

No er det også kome fram at det ikkje var ei skisse frå riksmeklaren som blei lagt fram i sluttfasen av meklinga. Det var staten som repeterte sitt eige ultimatum – ein avtale. Svaret frå Unio og Akademikerne var nei takk, og streik.

LO sine angrep på ein heilt lovleg streik saknar sidestykke i norsk arbeidsliv. Slagorda har hagla. Og heiagjengen i Agenda og i LO-pressa har ropt høgt. Dei har gjort sitt beste for å fortrenge at det var med dagens regjering at Unio inngjekk denne «usolidariske» avtalen!

Både vilje og evne derfrå til å forstå kvifor Unio avviste statens ultimatum har vore heilt fråverande i LO-systemet. For Unio er dagens avtale kort og godt eit verkemiddel for å oppnå ei rimeleg lønnsutvikling og eit betre lønnsnivå for medlemmene. Årelang erfaring viste at det gamle systemet ikkje funka.

Påstandane frå regjeringa og LO om at to avtalar fører til himmelvide lønnsskilnader, avhengig av kvar ein er organisert, stemmer ikkje. Det stemmer ikkje at staten er i ferd med å bli lønnsleiande i arbeidslivet.

Det stemmer heller ikkje at det norske arbeidslivet og det kollektive forhandlingssystemet er enden nær på grunn av at det er to avtalar i staten.

Det er kort og godt useriøs propaganda frå ein bastion som i denne saka har vore gode på slagord, ikkje så gode på saklege argument.

Staten si rolle bør vere å ivareta alle partar, ikkje å skape kaos.

Utdanning skal lønne seg!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv