Etterlysinga: IT-strategi
Det er budsjettdebatt. Om det grøne skiftet, som ikkje er så grønt likevel. Om oljefond og skatt. Om sysselsetting og arbeidsplassar. Om kompetanse. Statsbudsjettet handlar om det meste. Også om paradoks.
Publisert: 17. oktober 2016
Eitt av dei store paradoksa ser vi innan IT-feltet. Det vil seie det er mange paradoks som møtest på dette området. Den teknologiske utviklinga går rasande fort. Det er krevjande å henge med. Stadig høyrer vi, dels frå ulike fagmiljø, dels frå næringslivet, men også frå politikarar med ulik farge: Norge – norske arbeidsplassar – heng ikkje med i IT-racet. Kommunane er for trege. Dei store offentlege IT-prosjekta blir forseinka eller havarerer. Det blir ikkje satsa nok på kompetansebygging. Heller ikkje ved universiteta.
Men dette bør ikkje overraske nokon. For kva er den store satsinga? Jau, OUTSOURCING! I lang tid har dette vore den dominerande strategien på IT-området. Når bedrifter – også offentlege bedrifter – skal effektivisere, er svaret ofte å outsource IT-tenester. I praksis betyr det ofte å eksportere arbeidsplassar til utlandet. Ofte til India og andre land langt unna, med lønnskostnader som norske arbeidsgjevarar knapt vågar å tenke på her heime.
Store statlege bedrifter, som Statoil, har gått i front i denne prosessen. No er det visst også på trappene at somme sjukehus skal kaste seg på denne nedbyggingsbølgja. Forsikringsselskap har gjort det for lenge sidan.
Det blir kalla outsourcing. I praksis er det nedbygging eller utsending. Av norske arbeidsplassar og av kompetanse. I statsbudsjettet blir dette omtalt som effektiviseringstiltak. Og på kort sikt kan det nok vere både billegare og meir effektivt. Men på lang sikt er det samfunnsøkonomisk skadeleg. Både norske bedrifter og samfunnet blir tappa for konkurransekraft. Spesielt trygt er det heller ikkje.
Det går godt an å forstå at mange bedrifter, særleg dei små og mellomstore, må kjøpe inn IT-kompetanse. Det kan vere både klokt og nødvendig. Men det er heller ikkje desse bedriftene som først og fremst driv denne forma for kompetansesvekking.
Vi finn omtale av kompetansebehov på IT-feltet i statsbudsjettet. Men ei strategisk kampsak er det ikkje.
Difor etterlyser eg ein nasjonal strategi for IT-utvikling – som kan bygge norsk kompetanse og norske arbeidsplassar. Begge delar trengst. Og det kan dessutan styrke det grøne skiftet. Klimavennleg teknologi og IT heng saman.