IA-avtalen i motbakke?

Dagens avtale om eit meir inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) blei første gong inngått mellom regjeringa og hovudorganisasjonane i 2001. Avtalen har blitt fornya fleire gonger, og dagens avtaleperiode går ut i 2018.

Publisert: 18. desember 2017

Målet er å redusere sjukefråværet, få fleire funksjonshemma i arbeid og at fleire skal stå lenger i arbeid.

Det har vore skarpast fokus på sjukefråværet, både når det gjeld tiltak og resultat. Oftast har det vore peikt på mangelfulle resultat. Kritiske røyster har stadig hevda at avtalen ikkje fungerer, og at den like gjerne kan skrotast.

Rett nok har den mannsdominerte industrien i stor grad levd opp til måla, medan dei kvinnedominerte sektorane, særleg kommunesektoren, heng etter. Dette kan ha samanheng med at det i kjølvatnet av avtalen blir avdekka arbeidsmiljø og arbeidsvilkår som er drivande for sjukefråværet, nettopp i dei sektorane der det blir arbeidd med og for folk.

Statsråd Anniken Hauglies kommentarar til IA-avtalen (Aftenposten 11. desember) er illevarslande. Staten har sidan 2001 spytta inn 21 milliardar i avtalen, utan å få noko særleg tilbake, er hennar utgangspunkt. Berre å vidareføre dagens avtale er ikkje eit alternativ, meiner ho. Dette tyder på ein krevjande prosess fram mot ein ny avtale. Statsministeren gjekk samstundes ­– i talen sin til Unio-konferansen for litt sidan – langt i å varsle at avtalen bør fornyast.

Kanskje ser statsministeren det vi også ser: Avtalen styrker partssamarbeidet både lokalt og sentralt, også på område som ligg på sida av avtaleteksten.

For vår del er det grunn til å legge vekt på at IA-avtalen har vore med på å demme opp for stadige angrep på sjukelønnsordninga. Til og med Høgre har no vedtak om at sjukelønnsordninga ikkje skal vrakast, rett nok pakka inn i formuleringar om evaluering. Det er også på sin plass å minne om at utgangspunktet for IA-avtalen var at også Arbeidarpartiet hadde forslag om å kutte i sjukelønna i baklomma.

Dette er eit varsel til medlemmane om ikkje å tru dagens sjukelønnsordning er sikra, ein gong for alle. I arbeidet fram mot ein ny avtale må organisasjonen mobiliserast. Det trengst kreative innspel både til nye tiltak, og nye mål.

Vi i Unio skal vere klinkande klare: Norsk arbeidsliv drar nytte av IA-avtalen. Den må fornyast, men også forbetrast.

Med det ønsker eg medlemmer og tillitsvalde god jul og godt nyttår.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv