Unio-leiaren sin replikk:

Pensjonsforliket: Unio krev storsatsing på betre arbeidsmiljø

Eit breitt fleirtal på Stortinget stiller seg bak eit nytt pensjonsforlik. Prinsippa er vedtekne tidlegare. No kjem ytterlegare innstrammingar. Pensjonsalderen skal opp. Folk må arbeide stadig lenger for å få ein anstendig pensjon. Men er dette utan vidare realistisk? Neppe.

Publisert: 20. mars 2024

Levealdersjusteringa er brutal for dei unge. Når forventa levealder aukar, må kvart årskull arbeide lenger enn tidlegare kull for å få same pensjon. I praksis inneber dette at dei som er fødde på 1990-talet må arbeide til dei er 70 år for å få full pensjon, altså eit nivå som svarar til det dagens 67-åringar får.

Gjennomsnittleg alder for første uttak av alderspensjon er no om lag 66 år (Nav). I kommune-sektoren er avgangsalderen lågare, i snitt under 60 år! Det er altså mange av dagens yrkesaktive som går ut av arbeidslivet lenge før dei er komne midt i 60-åra. Skilnadane er store. Nesten ingen barnehagelærar eller sjukepleiar er i arbeid etter 65 år. Dei er ute av arbeidslivet allereie i slutten av 50-åra. Oftast handlar dette om at helsa sviktar. Dei blir uføre fleire år før «vanleg» pensjonsalder, og må leve på uføretrygd. Forventa avgangsalder for ein 50-årig tilsett i kommunesektoren er 62,5 år (KLP). Då reknar ein ikkje med dei som har blitt uføre før dei har blitt 50 år.

Det er altså langt fram til pensjonsreforma sine ideal! Mange maktar rett og slett ikkje å stå i arbeid lenge nok. Å auke pensjonsalderen utan å forbetre arbeidsmiljøet og arbeidsvilkåra verkar urealistisk. Det minner meir om seniorromantikk enn arbeidslivsrealitetar. Rett nok skal det innførast eit såkalla «slitartillegg» på 30 000 kroner i året. Summen er ikkje særleg stor og vilkåra for ordninga er både uklare og usikre. Difor er det heilt nødvendig at forliket inneber ein ny gjennomgang av reforma om 10 år.

Det er slått fast av mange, mellom dei KLP (Kommunal landspensjonskasse), at arbeidsmiljøet påverkar pensjoneringsmønsteret. Tida framover må difor nyttast til nettopp å skape eit arbeidsliv og eit arbeidsmiljø som er slik at fleire kan arbeide så lenge at dei får ein god pensjon. Viss ikkje dette skjer, må heile pensjonsreforma vurderast på nytt, eventuelt reverserast.

Når arbeidsmiljøet skal kartleggast, held det ikkje lenger å berre sjå på fysiske og mekaniske risikofaktorar. Ei undersøking SINTEF har gjort i samarbeid med Unio viser store manglar når det gjeld oppfølging av psykososiale og emosjonelle arbeidsbelastningar. Fleire av Unios yrkesgrupper har deltatt i undersøkinga. Sett på spissen: det er ikkje berre tungt fysisk arbeid som skaper slitasje på tilsette. Det er i like stor grad «folk», eller krevjande arbeidsoppgåver med og for andre menneske, som fører til sjukdom, sjukefråvær og tidlegpensjonering. Difor må omgrepet «slitar» tydeleg fange opp denne dimensjonen. Det må leggast stor vekt på desse faktorane når pensjonssystemet skal evaluerast og endrast.

På kort sikt må det vere eit krav at emosjonelle belastningar blir ein obligatorisk del av det systematiske HMS-arbeidet. Dette er eit ansvar for både arbeidsdepartementet og for arbeidstilsynet. Og ikkje minst må arbeidsgjevarorganisasjonane ta ansvaret for å vere pådrivarar for dette, saman med arbeidstakarorganisasjonane.

SINTEF-forskarane kjem med fleire råd om kva som bør gjerast. Mellom anna framhevar dei kor viktig det er med systematisk kartlegging på arbeidsplassen. Dessutan blir det understreka at kunnskapen om emosjonelle og psykososiale forhold må styrkast, ikkje minst blant leiarar.

Forskinga viser tydeleg kor viktig det er for arbeidshelsa at det blir betre balanse mellom jobb og fritid, og det må bli betre samanheng mellom krav og forventningar på den eine sida og ressursar på den andre.

Arbeidsvilkår og arbeidsmiljø i vid forstand må bli viktigare tema i debatten om pensjonssystem og pensjonsalder. Den nye pensjonsordninga må følgjast opp med ei kraftig forbetring av arbeidssituasjonen for folk flest.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv