Unio-leiaren sin replikk:

Younio – verken for ung eller gammal

Nei, Younio er ikkje ein trykkfeil for Unio. Men for litt sidan dukka Younio opp som ei mogeleg alternativ «fagforeining», særleg retta mot ungdom. På grunn av likskap i uttale blei dette av enkelte oppfatta som ein konkurrent til og ein trussel mot Unio. Det er det ikkje.

Publisert: 3. november 2020

Unio og medlemsforbunda våre er blant dei fagforeiningane som har aller minst grunn til å frykte den type «fagforeinings»- idear som Younio representerer.

Likevel, for ei fagrørsle som kjempar i motbakke kan det vere grunn til ettertanke. Knapt halvparten av arbeidsstyrken her til lands er fagorganisert. I internasjonal samanheng ligg vi likevel bra an. Norge er på 6. plass i Europa når det gjeld organisasjonsgrad. Danmark, som er opphavslandet til Younio, er på 2. plass med ca. 65 prosent. Island toppar lista, med ein organisasjonsgrad på over 90 prosent. I USA og Frankrike er knapt 10 prosent av arbeidsstyrken fagorganisert.

Her er det på sin plass å minne om at organisasjonsgraden i offentleg sektor er over 80 prosent, og tariffdekkinga så godt som 100 prosent.

Skilnader mellom dei nordiske landa handlar ikkje berre om klassisk fagforeinings-medlemsskap. I dei andre nordiske landa har sosiale ordningar som arbeidsløysetrygd og sjukelønn i stor grad vore organisert gjennom fagforeiningane. Sjølv om det har vore endringar i desse systema, slår dette framleis inn når det gjeld fagforeiningstilknyting.

Danmark har lenge merka seg ut med alternative fagforeiningar, også kalla gule fagforeiningar. Den største og mest synlege er Krifa – Kristen fagforeining. Krifa seier sjølv at dei er den 4. største fagforeininga i Danmark, med eit medlemstal på ca. 190 000. Om lag 10 prosent av dei fagorganiserte i Danmark er medlem av Krifa eller liknande organisasjonar. Krifa har også ei norsk avdeling.

Når så Younio har dukka opp, så er det ei ungdomsavdeling for Krifa. Så langt er dette eit tilbod som blir testa ut i marknaden, seier Krifa sjølv. Lokkemiddelet er først og fremst låg kontingent, 99 kroner i månaden. Elles er det lite som minner om fagforeiningskvalitetar. Krifa framstår meir som eit miniforsikringsselskap som gir individuelle råd og individuell rettleiing enn som ei fagforeining. Dei har ikkje tariffavtalar, og ser på kollektive aksjonar og streik for gammaldagse verkemiddel. Dei har heller ikkje tillitsvalde på arbeidsplassane. Det store paradokset, ifølgje Fafo, er at medlemmene dels er ungdom og dels folk med låg lønn og usikre arbeidsvilkår.

Likevel har desse organisasjonane hatt ein framgang i Danmark. Norske Krifa oppgir ikkje medlemstal. Det har sikkert sine grunnar.

Det er liten tvil om at lågare organisasjonsgrad vil redusere fagrørsla sin samla styrke. Dette vil også svekke trepartssamarbeidet, og dermed den norske og nordiske modellen. I dette perspektivet bør fagrørsla sjå på aktiviteten frå Krifa og andre som eit varsku. Vi må heile tida jakte på fornying og forbetring – vere attraktive for yrkesutøvarar uavhengig av alder og erfaring.

Tariffavtalen er sjølve kjenneteiknet på ei fagforeining. At det er partane – organisasjonar på arbeidstakarsida og arbeidsgjevarsida – som forhandlar om lønns- og arbeidsvilkår står heilt sentralt i den nordiske modellen. Difor har trepartsaktørane i alle dei nordiske landa stått imot forslag frå EU om å innføre lovfesta minstelønn. Lønn skal fastsetjast av partane, ikkje politikarane.

Lågare organisasjonsgrad eller framvekst av prisdumpande «fagforeiningar» er kort og godt ein tariffrisiko.

Difor er Younio verken eit tilbod til ung eller gammal. Sats på Unio!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv