Unio-leiaren sin replikk:
Baksida av medaljen?
Den norske modellen har ei bakside: dårleg lønn for store utdanningsgrupper som arbeider i offentleg sektor.
Publisert: 1. november 2010
Statistisk sentralbyrå har nyleg publisert ei oversikt over lønnspremien for utdanning utover vidaregåande skule. Hovudkonklusjonane er at utdanning lønner seg for somme: Legar, siviløkonomar og sivilingeniørar var blant dei som blei trekte fram som vinnarar.
I den andre enden av lista finn vi førskulelærarar, sjukepleiarar og lærarar. På same nivå finn vi politifolk og personar med sosialfagleg utdanning. Lønnspremien for desse – oppsamla livslønn – ligg på 80–95 prosent av dei med vidaregåande skule, som er målestokken. Teologisk embetseksamen og andre langtidsutdanningar er også tapsprosjekt – i lønn. Gruppene med liten eller ingen lønnsgevinst langt større enn dei som gjer det bra.
Det er altså dei store gruppene i velferdsstaten som må ta støyten for den norske modellen:
Offentleg sektor er velferds- og kunnskapsmonopolist. Samanpressa lønnsstruktur. Relativ høg minstelønn for ufaglærte. Konkurranseutsett industri – med industriarbeidaren i front – legg norma for lønnsutviklinga for offentleg sektor. Det sentrale forhandlingssystemet evnar berre unntaksvis å bryte den vonde sirkelen. Riksmeklaren, tvungen lønnsnemnd og rikslønnsnemnda er modellens vaktbikkjer.
Dette er også ein viktig del av forklaringa på ulikelønna her til lands. Men likelønn er ikkje noka tung politisk sak. Det blei tydeleg dokumentert gjennom årets tariffoppgjer. Den tunge inntektspolitiske saka er at konkurranseutsett industri skal brukast til å halde lønnsnivået for desse gruppene nede. Det er ein del av den norske modellen. Og arbeidsgjevarane i offentleg sektor både brukar og misbrukar dette. Det er ikkje til å undre seg over. Arbeidsgjevarar betaler ikkje meir enn dei må – og helst i underkant av det også.
Sjølvsagt kan utdanningsgruppene streike. Det gjer vi også. Og det hadde nok vore endå verre om vi hadde godtatt dette i fred og ro. Men i aukande grad dukkar spørsmålet opp: er det slik at vi i Unio er så “ansvarlege” at vi hjelper styresmaktene – staten og arbeidsgjevarane – med å rekruttere til dårleg betalte yrke? Mangel på kompetanse er jo eit samfunnsproblem vi tar alvorleg. Kanskje bør ungdom vere litt meir kritiske i val av utdanning og arbeidsgjevar? Mangel på folk og kompetanse er antakeleg den einaste marknadsmakta ein monopolist forstår?
Eller kan politikarar og arbeidsgjevarar også i framtida lene seg tilbake, og basere seg på at “mange nok” til ei kvar tid vil synest det er greitt å jobbe for ein billeg penge i det offentlege? Og knip det om, kan ein jo redusere krava til kompetanse. Det er også ei marknadsmekanisme.