Unio-leiaren sin replikk:
Fagorganisering – ei global investering
Arbeidslivsdebatten her til lands er til tider temperamentsfull. Det er rett og nødvendig at vi som fagorganiserte har høge ambisjonar basert på nasjonale vilkår. Men vi må ikkje gløyme at vi globalt har kollegaer som står i heilt andre posisjonar. Å sjå lenger enn til eigne rekkjer, er også fagforeiningsarbeid.
Publisert: 29. oktober 2012
Det som er å sjå er ein global arbeidsstyrke med tett på tre milliardar, meir enn ein tredjepart av desse er del av den uformelle økonomien. På verdsbasis er det i dag fleire som er arbeidslause enn som er fagorganiserte!
Om lag 200 millionar er fagorganiserte. Det er sju prosent av arbeidsstyrken.
– Aldri har fagrørsla vore svakare, seier Sharan Burrow, generalsekretær i International Trade Union Confederation (ITUC). Rett nok er det store variasjonar mellom land og kontinent. Men den veksande arbeidsløysa, nedskjeringar og veksande krav om fleksibilitet fører til at færre fagorganiserer seg, er hennar forklaring.
Men knapt nokon – heller ikkje dei som mislikar eller prøver å svekkje fagorganisasjonar – bør glede seg over dette. Høg grad av fagorganisering er ikkje ein garanti for økonomisk framgang, men det aukar sjansen, særleg for god sysselsetting og sosial stabilitet.
Skilnader i levekår har blitt det største trugsmålet mot global vekst og stabilitet, er bodskapen frå OECD.
Ei hovudoppgåve for ITUC, og dermed for medlemsorganisasjonane, er å auke talet på medlemmer. Saman er vi sterke. Slagordet gjeld både heime og ute.
I Noreg er knappe 53 prosent av arbeidsstyrken fagorganisert. Absolutt bra i internasjonal samanheng. Men vi har ein jobb å gjere også her til lands. Fleire fagorganiserte er ei god forsikring – ei sikker investering for velferd og stabilitet.