Unio-leiaren sin replikk:
Uansvarleg av NHO
Det er direkte uansvarleg at NHO-sjef Ole Erik Almlid brukar oppspelet til årets tariffoppgjer til å angripe lærarar og sjukepleiarar. Det er nettopp det han gjer når han «advarer mot å belønne grupper som sykepleiere og lærere med høyere lønn». I praksis er dette eit angrep, ikkje berre mot lærarar og sjukepleiarar, men på gruppene med høgare utdanning i offentleg sektor.
Publisert: 15. mars 2021
Stadig vekk blir det framheva kor viktig det er med godt samarbeid mellom offentleg og privat sektor. Frå regjeringa høyrer vi det. Frå stortinget og frå dei politiske partia høyrer vi det. Eg trur kanskje til og med at nokon i NHO kan ha ytra seg i den leia.
Behovet for samarbeid blei også tydleg understreka då regjeringa før helga la fram ei stortingsmelding om arbeidsrelevans og omstilling i høgre utdanning.
Ikkje minst har koronapandemien tydleg vist kor gjensidig avhengige vi er av kvarandre her til lands. Det er i alle fall ikkje samspel og samarbeid NHO inviterer til med utspel som dette. Tvert imot.
Når NHO vil møte motparten sin med krav om at arbeidsfolk skal ha reallønnsnedgang, er det i og for seg legitimt. Om det er realistisk, er ei anna sak. Om det er klokt, er også ei anna sak.
Konkurranseevna til norske bedrifter står seg godt, og har blitt klart betre dei siste åra. Men det er ikkje godt nok for NHO. Difor vil dei at reallønna skal ned.
Samstundes seier bedriftene sjølve at dei manglar kompetanse. I ei undersøking NIFU har gjort for NHO svarer meir enn halvparten av bedriftene at dei har eit udekt kompetansebehov. Somme seier at dei vil auke kompetansen blant eigne tilsette, men om lag like mange prøver å tilsette nye folk med nødvendig kompetanse.
«Hvis du synes kompetanse er dyrt, bør du prøve inkompetanse. Det er dyrt det», seier Ole Erik Almlid i ein kommentar til FriFagbvegelse. Klokt sagt! NHO-sjefen bør lytte til seg sjølv, også når han går inn i lønnsoppgjeret. Kompetanse kjem ikkje på billegsal, verken i offentleg eller privat sektor!
Grunnlaget for den kompetansen han etterlyser finst i stor grad i offentleg sektor. Det er offentleg sektor som i stor grad må forsyne bedriftene med den kompetansen dei etterlyser, enten det er vidaregåande opplæring, fagskular eller høgre utdanning. Og som alle andre er privat sektor heilt avhengig av at vi har ein helsesektor som leverer topp kvalitet, ikkje berre i krisetider, men kvar einaste dag året rundt.
Difor kan vi ikkje leve med ein situasjon der frontfaget gong på gong blir brukt til å hindre rekruttering til grupper i offentleg sektor det er stort behov for. Då må heller ikkje arbeidsgjevarane i offentleg sektor misbruke frontfagsprognosane til å hindre ei rettmessig lønnsutvikling eller eit anstendig lønnsnivå for sine eigne tilsette. Fleire av Unios medlemsgrupper har for lågt lønnsnivå og slit med lønnsmessige etterslep. Dette må rettast opp. Både av omsyn til medlemmene – men også av omsyn til samfunnet. Til og med av omsyn til NHO sine medlemsbedrifter!