Unio-leiaren sin replikk:
Lønnsoppgjeret – «ekstremt vanskeleg»
Riksmeklar Mats Ruland bur seg på krevjande meklingar. Til «Frifagbevegelse» gir han opp fire grunnar: Utspel frå partane, stigande rente, høge straumprisar, og at det blei reallønnsnedgang for mange i fjor.
Publisert: 31. januar 2022
Ruland er ikkje åleine om å bu seg på harde tak. Mange omtalar det komande tariffoppgjeret som «ekstremt vanskeleg». Leiaren i Fellesforbundet, Jørn Eggum, gjer det ikkje mindre vanskeleg når han kategorisk avviser at offentleg sektor skal få høgare ramme enn den første prognosen frå frontfaget. Unio får gjere sine prioriteringar innafor ramma vi forhandlar fram i frontfaget, seier han til TV2.
Dette held ikkje. Då frontfagsmodellen sist blei utgreidd, blei det slått fast at frontfaget verken var golv eller tak. Det blei understreka at modellen gir rom for fleksibilitet, og at det skal kunne takast omsyn til grupper som over tid har blitt hengande etter. I to oppgjer på rad har «frontfagskameratane» bomma på sine eigne anslag. I praksis har lønnsutviklinga i industrien blitt høgare enn det som var «resultatet» etter forhandlingane. Sidan arbeidsgjevarane i offentleg sektor dei siste åra så godt som slavisk har lagt frontfagsprognosen til grunn, har dette påført tilsette i offentleg sektor eit lønnsetterslep. Dette er ikkje eingongstilfelle. Lønnsstatistikken viser at tilsette i offentleg sektor har fått eit lågare lønnstillegg gjennom dei siste oppgjera.
Dette kjem på toppen av høge straumprisar og stigande rente. Dette går ikkje lenger. Difor har Unio varsla at det i år blir ein kamp om ramma. Offentleg sektor må ha høgare ramme, for å tette noko av lønnsgapet. Lønnsskilnadene mellom grupper i privat sektor med høgare utdanning er store og stigande.
Under valkampen fekk me høyre kor viktig det er å ha tenester nær folk og at no er det vanlege folk sin tur. Det er grunn til å minne om at det er offentleg sektor som leverer mange av desse tenestene til folk og næringslivet i heile landet. Enten det er innan utdanning, forsking, helse eller tryggleik eller andre område.
I store delar av offentleg sektor er det i dag mangel på tilsette som skal levere livsnødvendige tenester over heile landet. Mangel på fagfolk rammar innbyggarane både på kort og lang sikt. Det rammar også næringslivet, og det svekkjer arbeidet for det grøne skiftet. Dersom industrien og frontfaget står i vegen for at offentleg sektor kan få eit lønnsnivå som kan sikre kompetent arbeidskraft, har vi eit samfunnsproblem. Då kan ikkje politikarane sjå ned, og seie at dette er «partane sitt ansvar». I staten er det til og med regjeringa som gir forhandlingsfullmakter. Samfunnet har ikkje råd til at offentleg sektor taper i den stadig tøffare kampen om kompetansen. Det trengst eit ekstra lønnsløft for tilsette i offentleg sektor.