Moderasjon med bismak
Det stunder mot nytt lønnsoppgjer. Mellomoppgjer, denne gongen.
Publisert: 16. februar 2017
Aperitiffen til lønnsoppgjera blir servert i det årvisse vintermøtet i Regjeringa sitt kontaktutval. Her møtest regjeringa, med statsminister og finansminister i spissen, og hovudorganisasjonane i arbeidslivet. Partane, som vi blir kalla. I tillegg er bønder og fiskarar representerte.
Dette møtet er langt frå noko vinterblot. Heller ikkje denne gongen. Menyen var tredelt, og like føreseieleg som sjølve møtet: moderasjon, moderasjon, moderasjon. Regjeringa og arbeidsgjevarrepresentantar er servitørar, og serverer same rett, kanskje med litt ulik smak, av og til også med bismak.
Vi som representerer arbeidstakarane gjer vårt for å moderere moderasjonsbodskapen.
Vi er nok ikkje alltid like samkøyrde. Særleg når det handlar om frontfaget og eksportindustrien sitt ønske om å legge fasiten for alle andre tariffoppgjer. Men denne gongen verkar vi nokså samstemte på eitt punkt: Eit nytt år med klar reallønnsnedgang er uaktuelt.
I fjor var prisveksten godt over lønnsveksten. Det må vere unntaket. Rett nok innleidde industrigeneral Stein Lier Hansen 2017 med å utbasunere at Noreg knapt har råd til nulloppgjer. Og så la han til at det ville vere ei katastrofe om Unios medlemsgrupper tok føringa i lønnsoppgjera.
Han veit nok at det er stor etterspørsel etter mange av Unios yrkesgrupper. Alt tyder på at denne blir endå større. Kommunesektoren skrik til dømes etter sjukepleiarar. Og dei blir ikkje pumpa opp frå Nordsjøen. Så Lier Hansen har grunn til ei viss uro.
Frontfaget har ein sterk tradisjon i norsk lønnsdanning. Industrien forhandlar først. Men resultatet derfrå er verken golv, tak eller fasit. Det er ei rettesnor. Og førsteresultatet er ikkje eingong fullstendig. Funksjonærresultata kjem seinare, og skal også tilleggast vekt. Nettopp det er viktig for Unio, og nødvendig for at systemet skal ha den nødvendige legitimiteten.
Norsk økonomi er ikkje over kneika. Men regjeringa seier i alle fall at det går betre. Det inneber nok ikkje at det blir ”lønnsfest”. Men reallønnsvekst er det grunn til å forvente. Men ikkje utan tøffe tak.