Unio-leiaren sin replikk:
Fagforeiningsfrådraget må doblast!
Fagforeiningsfrådraget er det same i 2020 som det var i 2013. I praksis har det altså blitt mindre verdt år for år. Dette held ikkje, kjære statsminister. No må du ta grep. Fagforeiningsfrådraget må kraftig opp!
Publisert: 2. juni 2020
No er det på høg tid å verdsette dei som fagorganiserer seg. Gjennom heile koronakrisa har vi høyrt frå regjeringshald, frå andre styresmakter og frå arbeidsgjevarar kor viktig det organiserte arbeidslivet er for å finne gode løysingar på problema. Trepartssamarbeidet har med rette vore hylla som eit effektivt verkemiddel. Det handlar både om forslag til tiltak, men ikkje minst med tanke på å få oppslutnad om viktige krisetiltak.
Eit viktig grunnlag for ein slik effektiv arbeidslivsmodell er høg organisasjonsgrad. Om lag halvparten av den norske arbeidsstyrken er fagorganisert. Det er ikkje godt nok. I internasjonal samanheng er det rett nok ein høg organisasjonsgrad. Globalt er under 10 prosent av arbeidsstyrken fagorganisert.
Likevel er det opplagt at alle partar må gjere sitt for å få fleire til å organisere seg her til lands. I somme bransjar, særleg i privat tenesteyting, er organisasjonsgraden kritisk låg. I offentleg sektor, derimot, er organisasjonsgraden høg. Om lag 80 prosent av dei tilsette er fagorganiserte. Alle er dekte av tariffavtalene som partane forhandlar fram. Det gjeld også dei uorganiserte, som i praksis er gratispassasjerar.
Eg kjenner ingen som har hatt skattelette som hovudmotiv for å bli fagorganisert. Det er langt fleire grunnar enn som så til å fagorganisere seg. Men det såkalla fagforeiningsfrådraget er likevel ein stimulans – ei påskjønning frå storsamfunnet til den enkelte som deltar i eit viktig fellesskap.
Fagorganisering er ein samfunnsstrategi. Det er kort og godt lønnsamt for samfunnet å investere i fagforeiningar som gjennom samlande hovudorganisasjonar bygger opp om trepartssamarbeidet. Difor er det også viktig at arbeidsgjevarane er organiserte. Om nokon har vore i tvil om dette, bør erfaringane frå koronakrisa ha feia all tvil til sides.
Også OECD har ved fleire høva understreka at høg organisasjonsgrad er viktig for sunn økonomisk vekst. Høg organisasjonsgrad kan motverke ulikskap, og det kan medverke til auka produktivitet. Ofte blir det vist til dei nordiske landa, som har solid tradisjon for å kombinere vekst og velferd.
Gjennom koronakrisa har statsministeren vist tydeleg leiarskap. Styresmaktene brukt store pengar til å kompensere for nedstenginga og for å få hjula i gang att og for å sikre framtidige arbeidsplassar.
No forventar vi også eit leiarskap som styrker grunnlaget for ein arbeidslivsmodell med endå høgare organisasjonsgrad. Fagforeiningsfrådraget må hevast. Ei dobling vil vere ei effektiv og lønnsam skattelette som vil gagne samfunnet, og det vil vere eit handslag til fotfolket.