Unio-leiaren sin replikk:

Bommert av regjeringa

Regjeringa har fått ros for handteringa av pandemien. Det er vel fortent. Både regjeringa og Stortinget har tatt viktige grep, ikkje minst økonomisk, for å kompensere for verknadene av nedstenginga av landet. Knapt nokon har kritisert regjeringa for å bruke for mykje pengar. Likevel er det svært usikre tider i norsk økonomi og i arbeidslivet.

Publisert: 20. mai 2020

Nesten 400.000 er framleis permitterte eller arbeidslause. Mange slit med privatøkonomien, og ventar fortvila på pengar frå Nav. Men Nav er overbelasta. Sjølv om dei tilsette står på til alle tider, er kapasiteten for liten.

I ein slik situasjon må regjeringa bruke revidert budsjett til å skape meir tryggleik, ikkje mindre. Framlegget til budsjett for kommunesektoren er i så måte ein bommert. Det skaper ei utrygg framtid både for kommunesektoren og for privat sektor.

No trengst ein aktiv motkonjunkturpolitikk. Der må kommunane få ei langt tydelegare rolle. Dei må få pengar til å sette i gang ei rekkje prosjekt retta mot nybygg og vedlikehald av viktig infrastruktur. Dette ville også vere ei hjelpande hand til privat sektor. Det ville gi arbeid til fleire. I tillegg må kommunane ha økonomisk handlingsrom til å styrke primæroppgåvene innan helse og omsorg, barnehage og skule. Fleire av dei problema samfunnet har møtt som følgje av pandemien, skuldast for lita satsing på offentleg sektor. Dei kommunale institusjonane må rustast opp, ikkje drivast på sparebluss.

Det blir difor heilt urimeleg når regjeringa foreslår at det er dei tilsette som skal vere med å finansiere drifta av kommunane. Det er nettopp det som skjer når regjeringa i praksis avlyser lønnsoppgjeret. Lønnsveksten blir sett til 1,5 prosent mot opphavleg 3,6 prosent, og vips så blir budsjettet styrkt med 9 milliardar kroner i innsparte lønnsmidlar.

Framlegget til revidert budsjett tyder på at regjeringa har lytta for mykje til eit fåtal av kortsiktige røyster som har hevda at offentleg tilsette har sleppt for lett unna gjennom korona-krisa. Dei har ikkje mista arbeidet, og dermed har dei ikkje vore med på dugnaden, blir det til og med hevda. I tillegg tar enkelte også til orde for at det må skjerast kraftig ned i offentleg sektor.

Å lytte til slike påstandar og forslag vil vere ein stor bommert. Krisa har til fulle vist kor viktig offentlege tenester og dei tilsette er. Både for innbyggarane og for privat sektor.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv