Unio-leiaren sin replikk:

Fusjonar – sikker veg til kvalitet?

Det finst gode og fornuftige grunnar til fusjonar og samanslåingar. Enten det gjeld kommunar, skular – eller organisasjonar. Men når samanslåingar blir eit mål i seg sjølv, ein politisk mani, blir det ein risikabel veg til kvalitet.

Publisert: 24. mars 2015

For tida ser det ut til at regjeringa har lagt seg på ein slik risikabel kurs. Det nærmar seg ei slags overtru:

Det må bli færre kommunar. Helst mange færre. Kvaliteten på tenestene må nemleg opp.

Til det trengst færre og større kommunar. Fasiten er klar: Dei små leverer ikkje godt nok. Sjølv om innbyggarane ikkje opplever det slik. ”Robust” heiter det, når noko skal leggast ned.

Det må bli færre og større politidistrikt. Meir effektive. Færre operasjonssentralar. Slik skal vi få eit sterkare ”nærpoliti”. ”Nærpolitireforma” starta med eit forslag om seks effektive politidistrikt. Nokon innsåg at ei slik sentralisering vanskeleg kunne marknadsførast med ”nær” som første staving.

For mange står i helsekø her til lands. Er årsaka at vi har for mange sjukehus? Det kan verke slik. Eller er dei for små? Og ikkje gode nok. Det heng visst saman: ikkje stor nok, er ikkje god nok? I alle fall er visst planen å få færre og større offentleg sjukehus. Men at dei private er små, er viss greitt. Inntil vidare.

Og så var det høgre utdanning. Her er heller ikkje kvaliteten god nok. Særleg gjeld det for små og mellomstore høgskular. Desse finst først og fremst utanfor dei større byane. I distrikta.

For å auke kvaliteten, har høgskular og universitet blitt lokka eller skræmde inn i ein merkeleg samarbeids- og samanslåingsprosess. Skulane blir ”bedne” om – i praksis pålagde – å finne ut kven dei vil gå saman med.

I årevis har ei rekkje høgskular brukt krefter på å få kalle seg universitet. Her sette regjeringa på handbrekket. I første omgang. Men no skal visst høgskular bli universitet gjennom å fusjonere med eit universitet. Kva filialstatusen vil gjere med den verkelege statusen, står att å sjå. Det står også att å sjå om kvaliteten blir heva gjennom nye namn og nye styringsmodellar. Det gjeld også kvaliteten på arbeidsvilkåra for dei tilsette.

Kva for kriterium – bortsett frå storleik- som skal måle og vurdere denne kvalitetsgevinsten, er derimot nokså uklart. Forhåpentlegvis blir dette klarare når departementet med det første legg fram stortingsmeldinga om dette.

Noreg har mange særtrekk. Eitt av dei er at vi har eit næringsliv med ein flora av ulike typar bedrifter. Mange er små, eller kanskje mellomstore. Storparten har ca 10 tilsette, og finst i by og bygd landet rundt. Somme blir nedlagde, eller oppkjøpte, nokre går konkurs. Somme dukkar oppatt under nye namn og nye eigarar. Men framleis – mange er små, og dei ligg til og med utanfor storbyane. Dette kan vel ikkje gå i lengda – viss kvalitet og effektivitet skal sikrast?

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv